Haugtussa

S o n g s y k l u s e n  «Haugtussa» bergtok meg allereie då eg var ein pur ung songstudent. Og eg har sidan då kjend ei sterk tilknytning til dette verket. Mystikken, nærleiken til naturen, den inderlege kjærleiken, den overveldande sorga, musikken!

Me følgjer Veslemøy. Ho får tilnamnet Haugtussa, på grunn av sine overnaturlege evner til å sjå, sjå langt inni ein annan heim.

«Det Syng» set stemninga. Ein urovekkjande mystikk røper skumle krefter i spel og vert avløyst av lokkande melodiliner – Å hildrande du, med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. Det er den underjordiske Blåkallens frieri.

Uroa ulmar under overflata og den andre songen, «Veslemøy» er eit sårt portrett.

Kontrasten er skjellsetjande når me møter henne att som ei hovudstups forelska jente i «Blåbærli». Ho svinsar muntert omkring blant kyrne og fortel korleis ho skal jage vekk bjørn, ulv og rev om dei skulle dukke opp. Men, var det den snilde gut … han fekk vel ein på sin trut, – men helst på ein annan måte.

I «Møte» treff me ei drøymande og forventningsfull Veslemøy som eksploderer i all sin kjærleik i det guten hennar kjem til syne. Dei to unge elskande skjelv saman, munn mot munn, før dei sovnar i armane til einannan.

Kjærleikshyllesten held fram i neste song, «Elsk» før den fornøyelege «Killingdans».

I «Vond Dag» skjønar Veslemøy at ho har blitt sveke av sin kjære og det endar i gruvekkjande ord; ”no må ho døy; ho miste guten sin”.

Avslutningssongen er det vakraste eg veit om. I «Ved Gjætle-Bekken» søkjer Veslemøy mot den surlande, kurlande, sildrande, vildrande bekken, lydmåla gjennom eit meditativt, vandrande piano bada i pedalklang. Den hjarteskjerande siste lina til Veslemøy lyder– ”å lat meg få blunda!”.

Eg framfører Haugtussa, og fleire av Griegs komposisjonar, samt Handel sin håpefulle «I know that my redeemer liveth» i konsert

Palmesøndag i Ørsta Kyrkje kl.19.00
Bill. 200,-

Velkomen <3