Kimen

I morgon er det  v e r d s p r e m i e r e  for operaen Kimen.

I snart 3 veker har eg pusta og levd her mellom sunnmørsalpane, her eg vaks opp. Eg har veksla mellom å vere på operaprøver, gått i fjellet, nytt eit usedvanleg vakkert sommarvér og sett godguten fylle 3,5 år omgitt av sine kjære besteforeldre, som han er so glad i.

Min favorittkomponist, Magnar Åm, har skrive ein kompleks, vakker og dramatisk opera, bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Romanen vart skriven i 1940, etter krigsutbrotet, og representerer eit viktig vendepunkt i Tarjei Vesaas si dikting. Det metaforiske fekk større plass, språket vart meir nedstrippa og nake, det usagde vart meir framtredande, og eit mørkt djup kom meir til syne.

Romanen forutsåg det opprivande rettsoppgjeret og det folkelege, utanomrettslege oppgjeret som skulle utspele seg etter at krigen var slutt. Dette gjorde den ved å tematisere ein allmennmenneskeleg eigenskap: vår hang til hemn når me har opplevd urett, og vår fare for sjølve å gjere urett når hemntanken blir til hemnhandling, massesuggesjon og lynsjing.

56A236A8-F1F9-46FA-A6EF-C9DFF2E91B91
Handlinga tematiserer også forholdet mellom menneske og natur. At mennesket ER natur, og at naturen er både grusom og god. Men at der kan ligge noko forløysande i innsikta om dette og i nærleiken til vokstrane, samværet med dyra, arbeidet med jorda, og døgnrytmen av mørke og lys.

Eg gler meg vilt til å gjere rolla som Else <3

Dei Nynorske Festspela Propellhallen Kulturarena, Volda.
8/6 kl 18.00, 9/6 kl 13:30 og 18.00