Sumarsolverv, Grieg, Takksam & Audmjuk / Summer Equinox, Grieg, Thankful & Humble

Eg har  l a n d a  heime.

Nesoddens jordande energi i kontrast til det luftige Sunnmøre har satt seg i meg og eg er full av beundring for den vakre og gripande opplevinga, som operaen Kimen var!

Om 2 kveldar, på sjølvaste sumarsolvervkvelden, syng eg konsert i Skoklefall Kirke. Ein konsert utelukkande beståande av Edvard Grieg sin musikk, og ikkje minst framfører me Haugtussa.

Dagane rundt sumarsolverv – den lengste dagen i året – er fra gamalt av ansett å vere den mest magiske tida på året. Lys og liv i overflod.
Men sjølv om midtsumar er ein dag for feiring av lyst og latter, er det óg ein dag for refleksjon, og stillheit, og ei oppfordring frå moder jord om å ta seg tid til å stoppe og lytte.
Frå no av vil kvar dag bli kortare, til natt igjen er lengre enn dag, og sumarsolverv er ein dag der me stoppar og anerkjenner korleis våre liv, så vel som året, går gjennom ein syklus og korleis me ved å gi slepp i større grad kan vere tilstades i våre eigne liv – og vere tilfredse og stolte av – der vi til ei kvar tid er, i vår syklus av livet.

Eg tek med meg mykje frå desse vekene på Sunnmøre. Mange gav mykje av seg sjølv i denne ambisiøse operaproduksjonen og vart styrka av å skjøne kva man eigentleg kan få til! Komponist Magnar seier at han går ut i verda med takksamheit og audmjukheit i hjartet, i den tru at ting då vil legge seg til rette – og det gjorde dei, verkeleg!

Me sjåast kanskje i Skoklefall Kirke? Eg kjem til å vere ho som står der med hjartet på vidt gap og syng av full hals, sannsynlegvis ikkje perfekt, men full av takksamheit og audmjukheit, i den tru at ting då vil legge seg til rette. <3

IMG_7423