Barselyoga

Yoga for mamma & b a b y <3

I dette kurset vert det lagt vekt på kontakten mellom mamma og baby, oppmjuking av stiv muskulatur i rygg, skuldrar og nakke, samt utvalgte styrkande øvingar i ein mjuk flow.

Kurset passar best for dei som har baby mellom 2-6 månader, før babyen begynner å krabbe veldig:) Babyen har si eiga matte ved sidan av mamma, i enkelte øvingar er babyen med og vi setter av litt tid til kos og massasje.

Kurset går over 8 gongar og tek til den 23. Januar. Meir info og påmelding her.

Yoga for deg

Eg kjenner meg k l a r til å favne vidare, til å rome meir, til å dele meir av min kunnskap og erfaring.

Eg tilbyr no privattimar – yoga for deg.

Om du ynskjer guiding i din asana-praksis, om du vil gi deg sjølv ei moglegheit til skreddarsydd, djup avspenning, om du ynskjer å samtale deg djupare inn i yogaens filosofi, om du vil frigjere pusten, om du ynskjer å førebue deg til fødsel, om du vil lære å stå på hovudet, om du vil ha yoga heime hos deg, om du vil lære meditasjonsteknikkar…

Yoga for deg kan fyllast med det du ynskjer og treng. Eg vil gjere mitt beste for å møte deg i det.

Ta kontakt ved interesse <3

Det gamle og det nye

2 0 1 7, du var både beinhard og rennande mjuk.

Å bli røska ut av den trygge vesle bobla vår og leve i all den uvissa, kjærleiken, tilliten, sorgprosessen, stoltheita, reflekteringa, angsten, gleda og spenninga som det å sende sin største skatt i barnehagen innebérer.

Å kjenne på ein jublande fryd over å få synge krevjande repertoar men å samtidig jobbe seg gjennom sjølvpålagt prestasjonspress.

Å føle på ein kvardagsriksdom, ein overflod av kjærleik og nærheit, men å ha skrivepulten, meint for skaping og manifestering av idéar, overfylt av ubetalte fakturaer.

Å danne nye venskap som kjennest ut som gamle.

Å ta med seg kjenslene på yogamatta og oppleve, atter ein gong, for ei gedigen kraft yoga har!

Å miste ein du er uendeleg glad i.

Eg tek med meg alle desse erfaringane inn i 2 0 1 8.

Eg har ein eigen stad i hjartet mitt for vår firbeinte godaste skatt, som satte slike uslettelege, djupe spor i oss.

Eg deler meir yoga enn nokon gong før og fordjuper meg i min eigenpraksis.

Eg kjenner på noko eg ikkje visste at eg hadde sakna, sterke, opplyftande venskap.

Eg går inn for å tene meir pengar og samtidig pleie kvardagsrikdomen som det kjæraste eg har.

Eg fokuserer på at eg er elska, eg har verdi, songen ber ikkje om å vere perfekt, den ber om å kome frå ein stad der det er kontakt.

Eg lét mammalivet ruske og slite i meg, vel vitande om at hjartet skal tóle so inderleg mykje. Eg har tillit til min fantastiske son og gir han fridom til å vekse, og so klemmer eg han, sussar han, seier at eg elskar han og ser han. Eg slepp litt, held han lengre og tettare, slepp litt, og let meg sjølv også få vekse.

<3

Ubalanse

Når du står og venter på den v a r m e sjokoladen med krem, som du har bestilt deg, og du med eitt innser at du faktisk grét. Du innser at du er heilt gåen, fysisk, psykisk og andeleg. Du er overvelda og tynnslitt.

Dette skjer meg av og til. Eg kjenner meg stiv og ute av stand til å opne opp i kroppen, overskotet i stemma forsvinn, eg lengter etter ro for meg sjølv, eller med mine aller næraste.

Den balansen eg verdsetter so høgt i kvardagen må få lov til å vike. Men som mor, som ein profesjonell, som menneske, eigentleg, er det ikkje so mykje rom for å dvele i den ubalansen som har oppstått.

Eg skjøner korleis eg havna der, gråtande, ventande på den varme sjokoladen. Inderleg godt. Kjenner alle dei medverkande faktorane.

Då set eg av eit avlukke i tid. Til å dvele i ubalansen, kvile i den. Du veit det når du ikkje har noko anna val lenger.

Etter det skal eg levere, glitre, og so skal eg kvile. Slik er det, og so, ein fin dag, skal eg kjenne balansen att.