Blogg

Haustens tredje dag og dine fyrste dagar

I dag viser kalenderen 3. September. Den 22.august, 11 dagar over termin, på sjølvaste 10-års bryllupsdagen vår fødde eg veslebror.

Eit nytt tilvére, enda ein liten guru og so utruleg mykje i vente.

So mykje å lære, so mykje å elske.

So mange djupe pust, so mange gledeshyl.

Me har det so fint, det var akkurat deg me venta på.

No skal det berre vere oss ei god stund, og etterkvart vil eg dele mine planar for yogaundervisning, konsertar og nokre andre ting eg har tenkt til å skape. Det er jo det aller aller finaste det, å skape.

– Mama K <3

 

Halvvegs i året

Hagens fyrste peon har opna seg, det er den nest siste junikvelden dette året og med det er me kome halvvegs i 2019. Akkurat no kjenner eg eit drag av litt svalare luft gjennom huset. I løpet av dei siste dagane har sommaren endeleg kome for fullt. Varme, kraftig sollys, jordbær, saltvatn, båtliv, ein ekstatisk fireåring og lange, romslege dagar fram mot ferie og permisjon..

Denne vinteren og våren har eg igjen og igjen vald å setje av tid til å vere til stades, tid til å ta vare på meg sjølv og tid saman med mine næraste. Det har vore rom for å lære meir, å lese meir, å fange nokre idéar som eg vil setje til livs når tida er riktig. Det har i høgste grad vore ei tid der eg har kjend på ei djup takksemd, for alt eg har og alt eg kan gi.

Nokre ord skrive av Mary Oliver har dei siste dagane festa seg i bevisstheita mi, dei gir slik ein djup gjenklang og meining, og eg tek med meg desse inn i andre halvdel av dette året.

Instructions for living a life:

Pay attention. 

Be astonished. 

Tell about it.

-K

Mitt Løfte

Vise ord må ikkje berre skrivast, lesast eller høyrast for å kunne stråle med si fulle kraft. Dei må verte levd.

Mitt arbeid som yogalærar og songerinne krever at eg er ein student, og deler raust av min praksis.

Eg er voktaren av mitt eige meiningsfulle, praktiserande liv og søker alltid etter heilheit og samanhengar i alt eg gjer. Eg set av tid for meg sjølv til dette.

Eg gjer dette til mitt løfte: Å utvikle merksamt nærvær gjennom kropp, hjarte og sinn, for mitt eige og andre sitt beste.

Eg føler at dette bærer med seg ein umåleleg verdi i forhold til korleis eg lev mitt liv og er til stades i mitt arbeid og mine kvardagsaugeblikk.

Og eg føler at dette er mogleg for meg, her og no, uavhengig av vilkår og inkluderande i forhold til alle kjensler og gjennom alle omstendigheiter.

-K

gyanmudra

Magisk

Sidan sist eg skreiv her har det blitt eit nytt år, ein vår har gått og me er no inne i juni månad! Eg har hatt nokre fantastisk gode opplevingar både songleg og på yogamatta. Men det største som har hendt er at eg er i ferd med å få oppfylt min aller største draum, ein gong til!

Ein dag, medan me stod og pussa tenner, so strauk du meg på magen og sa – Mamma, eg trur det er ein magisk baby inne i magen din. Og eg sa ja, det er det❤️

Som ei andregongsfødande kvinne som har vore mor i over fire år, kjenner eg at eg veit litt meir kva eg går til, sjølv om det eg jo er sikrast på, er at ein kan umogleg vite kva ein går til. Litt som livet sjølv.

Utan tvil vert det ei ny balanseringsoppgåve av songen, yogaen og familielivet på landet med to små born i hus. Eg gler meg!

-K

gravid

Evig Student

Det finaste med den komande tida, nemleg advent og julehøgtid, er for meg, musikken. No er den på notestativet og i desember vil eg dele den med publikum.

Og kanskje det finaste, som gjennomsyrer både arbeid- og familieliv er den evigvarande studeringa. Eg har ei songutdanning på lengde med ei legeutdanning, eg har undervist fleire vekentlege yogaklasser i over 8 år, eg har vore saman med kjærasten min sidan eg var 15 år, og Mamma i straks 4 år. Eg vert aldri utlært, eg sluttar aldri å vere nysgjerrig, eg anser meg sjølv som nybegynnar og profesjonell om kvarandre. Eg er audmjuk ovanfor livet og ser kvar dag som ei moglegheit til å lære noko. Det er mykje difor eg driv med det eg gjer, og tek dei vala eg gjer, pga prosessane, utforskinga, å kunne gå i dybden og sjå dei små og store samanhengane i alt.

-K

notarnovember

Arbeid som gir

I skrivande stund sit eg på ein café med dagens tredje kopp kaffi. Eg starta dagen med ei grytidlig morgonyogaklasse, kom heimom og spiste frukost med min vesle familie, fortsatte med 2 lange økter med barselyoga og snart skal eg vidare og undervise gravidyoga. Eg kjenner på ei botnlaus takksemd som dette arbeidet gir meg. Eg føler verkeleg at eg får hjelpt andre til å finne både styrke, ro, verktøy, aksept, inspirasjon, flyt, avkopling, påkopling, og eg går alltid frå klassene med eit ugøymeleg smil om munnen, litt som eg har blitt kyssa for fyrste gong. Yoga starta jo som ei forelsking, og pleier ein godt med forelskingar so kan det bli til djup, djup kjærleik.

Blomane på biletet har vore hos meg i fem dagar, og vert berre vakrare og vakrare. Er det ikkje slik med det meste?

-K

konsertblomarskien

Fire Årstider i Ein Dag

Eg ser deg. I dag ser eg kor du romer alle fire årstidene på ein dag.

Du søkjer kos som me søkjer nærleik til kvarandre om vinteren. Brått seier du noko som vitnar om ei modning, og eg blir minna på kor du lever i ein slags konstant vår, med stadig vekst. Du har sumarens ild i deg og veit ikkje heilt kva som er den beste måten å kanalisere den på, so eg prøver å legge til rette for deg. Du har haustens mange skiftningar og kreativitet, når du går frå latter til tårer til uavbrutt leik i timesvis.

I dag har du ein månad att av ditt tredje år, og eg tek meg eit augeblikk og forsterker min intensjon om å sjå deg og ta imot deg, i alle dine sanne fargar.

-K

lauvbassenghivoghoi