1. August

Eg kjenner det i heile meg. Boblinga.

Denne sumaren har vore insisterande varm og tørr. Og fantastisk! All varmen har til tider skapa litt overoppheiting på so mange måtar. Det å finne ro, avkjøling, aksept for at ting tek tid og at ikkje alt kan skje på ein gong, det å omfavne yin yogapraksisen, alt dette har vore uunnværleg.

Det boblar av energi i meg, idear på idear, og helst vil eg gjere alt saman, no, på ein gong. Utvilsamt regjerer den ayurvediske Pitta doshaen både omgjevnadane og meg sjølv.

I dag, 1.august set eg meg ein intensjon om å finne balanse. Omfavne denne boblande energien, men sørge for at eg kan lande og finne rammer og rutiner som gjer at eg faktisk kan få utført alt eg dagdrøymer om.

Utover hausten ser eg fram til:

  • Fleire faste yogaklasser på Flyt studio og å kome tilbake til hausttimeplanen på Leela.
  • Faste gravid- og barselyogakurs på MamaYoga.
  • Vidareføring av gullforgylte musikalske samarbeid.
  • Å halde spanande yogaworkshopar samt ei fordjupning i familie- og barneyoga.
  • Å endeleg få spelt inn mi fyrste plate.
  • Store og vakre endringar i hus og heim <3

Takk sumaren 2018, for alt du har bode på so longt.

IMG_3587IMG_3710IMG_3731

 

Stilla

«Den s t i l l a  kvardagen treng, for å levast»

Jon Fosse sine ord, mi sanning og djupaste ynskje.

Dei siste vekene har eg latt meg forbafle av kor mange jobbtilbod som på magisk vis har strøymd på. Ein Messias her, ei operarolle der, yogaklasser i to nye studio, moglegheiter for nye samarbeid og nye kanalar, audmjukgjerande tillitserklæringar. Eg har sjølvsagt sagt ja til alt. Ein gjer jo det. Eg må jo gjere det. Bør eg gjere det?

Eg lever fortsatt i mi sanning. Eg har takka nei til nokon av desse dørene fulle av moglegheiter. Eg har vald å behalde ei romslegheit i kvardagen, opningar for å finne den stilla, den som kvardagen treng, for å levast.

Det skjer so mykje fint utover hausten. På konsertscenene, ved flygelet, på yogamatta, i hovudet, i haustskogen, rundt kveldsmatbordet, ved togbanesettet.

Alt er eitt, alt blandar seg og stille stunder innimellom opphøger kvardagen til høgtid, kvar dag <3

 

golden

Intensjonar

S e p t e m b e r  kom i dag.  

I skrivande stund er eg i stillheit. Fredagskveld. Det tikka inn 2 flotte songoppdrag i dag, eg er månadens lærar på leela yoga, og dagen elles har gått til å ta seg ømt av ein liten febersjuk skatt. 

Det er slik eg so gjerne vil ha det. Å kunne vere stille og lytte til det subtile og mindre åpenbare, å kjenne eit utømeleg, men overkomeleg driv for å ville skape, å vite at eg har tid nok, tid til å vere der for dei eg er glad i. 

Balanse.

August drog litt hardt i hjartestrengane mine og eg måtte bli sterkare for å kome gjennom. 

Mine intensjonar er å møte hausten med djupe pust og klarheit samt ein tilstadeværelse som like gjerne kan vise seg på yogamatta som på konsertscena, eller heime i sofaen, på ein heilt vanleg fredagskveld.
– K

1. august

Den 1. august var ein dag med 3 omgangar heimebrygga kaffi. 6 stup frå flytebrygga. 2 yogaklasser og 1 satt musikalsk intensjon.

Eg held fast på denne sommaren, som har vore ein av dei beste. Jamn straum av besøkande i heimen vår, solfylte dagar, nye vennskap som kjennes ut som gamle, alt dette håper eg fortsetter utover hausten.

I august har eg yoga på leela tysdagar og torsdagar fram til 19. august, då hausttimeplanen tek over og eg vil ha lunsjklasser tysdag og torsdag, samt fortsette med mine 2 søndagsklasser. Duo Chiaroscuro har fleire oppdrag og konsertar, blant anna i Skien den 25. august. Og som sagt, ein spesifikk musikalsk intensjon vil forhåpentlegvis få anledning til å bløme.

God august <3

augustblomarbrød

,

Sumar

Dagane er ei einaste kavalkade av jordbærspising, vassing i strandkanten, besøk av gode menneske, kaffi i morgonsol og prosecco i kveldssol.

Våren fauk av garde og det gledar meg at sommaren flottar seg slik som den gjer. Desse dagane er uverkeleg fine. Eg nyt dei.

Hausten byr på spanande endringar. Eg skal synge meir. Eg skal undervise yoga medan skatten min er på sin halve barnehageplass.

Arbeidet mitt i sommar tek meg (og deg om du har lyst) til Sommarljom – ein festival i hjartet av Ørsta 27.-30. juli, Tersettkonsert i Skien 25. august og på mitt kjære Leela Yoga er eg kvar tysdag og torsdag og underviser Gravidyoga, Viryayoga og Yin.

God, god sommar,
<3

blomarijulikarenijulihandijuli

Dear March, Come in

I skrivande stund kjenner eg våren  s n i k e  seg innpå. Eg kjenner det i lufta, eg kjenner eit skifte i energi i meg sjølv. Ei vårleg og inspirert tilnærming til alle mine kreative prosessar. Plutseleg er det heilt lyst ute når eg køyrer til morgonyogaklassene mine, plutseleg har eg meldt meg på 2 teacher trainings som eg gler meg som ein unge til å fordjupe meg i, eg har 3 store konsertar å jobbe meg fram mot, med kvar sin tilhøyrande store notebunke, eg feirer kjærleiken til den veksande guten min og min vesle familie kvar dag, og, eg har blitt eit år eldre.

Velkomen Sol, bare vegar, Bach på notestativet, lyse morgonar, svimlande yogasekvensar, meditative skogsturar, velklingande samklangar, nærande yinyoga, Grieg, åh Grieg + vår, skribling i notatbøker, gode klemmar, mengder av kaffi, augeblikk eg aldri får att. <3

IMG_0250IMG_0525IMG_0517IMG_0553