Den fine kvardagen

I skrivande stund sit eg på ein båt i solskin, dette er min reiseveg til yogaundervisning i dag, der skal eg undervise kvinner med to bankande hjarter i seg. Eg kjem frå eit inspirerande møte med ei veninde og yogakollega. Før dette leita eg fram att Jake Heggie sitt verk «The deepest desire» som eg skal synge under Musikkmeditasjon i Trefoldighetskirken nest siste kvelden i oktober. Før det igjen følgde eg ein strålande blid sjørøverskatt til barnehagen, spiste ein lang frukost, sov, og det siste som skjedde i går kveld var ein tur under stjernene og den halve månen saman med ei anna god veninde som eg hadde tilbrakt dei forutgåande timane med, saman med raudvinen og den gode samtalen.

Min 35. September er her og eg har so mykje fint i kvardagen. Takk takk takk.

Nye konsertdatoar og meir yogaundervisning ligg under songkalender og yogakalender. 

Venlegheit -K

IMG_3629