Våroppvakning

Å r s t i d e n e  i Noreg er imponerande. Endringane som skjer i løpet av eit år er store, vakre, symbolske. Eg ynskjer å gjere ære på årstidene, bevisstgjere desse syklusane vi lever i, å bringe oss nærmare naturen. Korleis kan vi både leve i takt med omgjevnadane og samtidig finne vår balanse?

Eg ynskjer våren varmt velkomen, denne lysare tida, eg ynskjer den velkomen med opne armar! Eg takkar audmjukt vinteren, med si kraft, ristar av all snøv og kulde i denne energifylte yoga workshopen i vårens teikn! Og eg ynskjer deg velkomen til å bli med <3

  • Pranayama (pusteøvingar)
  • Meditasjon og chanting
  • Spesialdesigna vinyasa yoga flow
  • Avspenning
  • Refleksjon og drikke + snacks

A k t u e l l e  w o r k s h o p a r:
Laurdag 28. April 08.00-10.30

Flyt Studio, Nesodden
Investering/pris: 300 kr
Påmelding til post@karenrosenbergolsen.com
Betaling vipps til 90732671 (karen) FB event her.

Laurdag 12. Mai 08.00-10.30
Leela Yoga, Oslo
Investering/pris: 300 kr
Gå til leelayoga.no for å melde deg på og bli med der!

Laurdag 26. Mai 08.00-10.30
Tindelandet, Ørsta
Investering/pris: 250 kr
Påmelding til post@karenrosenbergolsen.com
Betaling vipps til 90732671 (karen)

Yin & Yang

I år  u t v i k l a r  eg yoga workshop konsept som eg håper kan vere til glede for andre, og meg sjølv, i maaaange år framover. Dette er eit konsept som er tenkt som eit slags 2- dagars mini retreat. Den eine dagen fordjupar vi oss hovudsakleg i ein yang praksis, med dynamisk yoga, styrke og kraft, den andre dagen er i større grad via til yin, med kvile, innsikt og stillheit. Me lyfter fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre <3

A k t u e l l e  w o r k s h o p a r:

Kapha

Velkommen til den fyrste workshopen i serien «embrace & balance».

Me lærer om yoga i samband med ayurveda, og ser spesifikt på korleis me kan balansere kapha dosha.

Idéen er å lære om og anerkjenne den me er og åpne opp for den visdommen som ligger i oss.

  • ei innføring i Ayurveda og kapha dosha
  • ein flow for å balansere kapha dosha
  • ein mjuk yogapraksis + yoga nidra for å omfavne kapha dosha

A k t u e l l e  w o r k s h o p a r:

Yoga for deg

Eg kjenner meg k l a r til å favne vidare, til å rome meir, til å dele meir av min kunnskap og erfaring.

Eg tilbyr no privattimar – yoga for deg.

Om du ynskjer guiding i din asana-praksis, om du vil gi deg sjølv ei moglegheit til skreddarsydd, djup avspenning, om du ynskjer å samtale deg djupare inn i yogaens filosofi, om du vil frigjere pusten, om du ynskjer å førebue deg til fødsel, om du vil lære å stå på hovudet, om du vil ha yoga heime hos deg, om du vil lære meditasjonsteknikkar…

Yoga for deg kan fyllast med det du ynskjer og treng. Eg vil gjere mitt beste for å møte deg i det.

Ta kontakt ved interesse <3

Omfavn og balanser

Eg har s k a p t noko eg gler meg til å begi meg ut på.

I år vil eg utvikle og undervise eit vell av workshopar.

Idéen er å lære om og anerkjenne den vi er, audmjukt dykke inn i kropp og sinn og opne opp for den visdomen som ligg i oss. Bruke asana, meditasjon, pranayama, filosofi, ayurveda og refleksjon som balanseverktøy.

Lat oss skape magi <3

Det gamle og det nye

2 0 1 7, du var både beinhard og rennande mjuk.

Å bli røska ut av den trygge vesle bobla vår og leve i all den uvissa, kjærleiken, tilliten, sorgprosessen, stoltheita, reflekteringa, angsten, gleda og spenninga som det å sende sin største skatt i barnehagen innebérer.

Å kjenne på ein jublande fryd over å få synge krevjande repertoar men å samtidig jobbe seg gjennom sjølvpålagt prestasjonspress.

Å føle på ein kvardagsriksdom, ein overflod av kjærleik og nærheit, men å ha skrivepulten, meint for skaping og manifestering av idéar, overfylt av ubetalte fakturaer.

Å danne nye venskap som kjennest ut som gamle.

Å ta med seg kjenslene på yogamatta og oppleve, atter ein gong, for ei gedigen kraft yoga har!

Å miste ein du er uendeleg glad i.

Eg tek med meg alle desse erfaringane inn i 2 0 1 8.

Eg har ein eigen stad i hjartet mitt for vår firbeinte godaste skatt, som satte slike uslettelege, djupe spor i oss.

Eg deler meir yoga enn nokon gong før og fordjuper meg i min eigenpraksis.

Eg kjenner på noko eg ikkje visste at eg hadde sakna, sterke, opplyftande venskap.

Eg går inn for å tene meir pengar og samtidig pleie kvardagsrikdomen som det kjæraste eg har.

Eg fokuserer på at eg er elska, eg har verdi, songen ber ikkje om å vere perfekt, den ber om å kome frå ein stad der det er kontakt.

Eg lét mammalivet ruske og slite i meg, vel vitande om at hjartet skal tóle so inderleg mykje. Eg har tillit til min fantastiske son og gir han fridom til å vekse, og so klemmer eg han, sussar han, seier at eg elskar han og ser han. Eg slepp litt, held han lengre og tettare, slepp litt, og let meg sjølv også få vekse.

<3

Ubalanse

Når du står og venter på den v a r m e sjokoladen med krem, som du har bestilt deg, og du med eitt innser at du faktisk grét. Du innser at du er heilt gåen, fysisk, psykisk og andeleg. Du er overvelda og tynnslitt.

Dette skjer meg av og til. Eg kjenner meg stiv og ute av stand til å opne opp i kroppen, overskotet i stemma forsvinn, eg lengter etter ro for meg sjølv, eller med mine aller næraste.

Den balansen eg verdsetter so høgt i kvardagen må få lov til å vike. Men som mor, som ein profesjonell, som menneske, eigentleg, er det ikkje so mykje rom for å dvele i den ubalansen som har oppstått.

Eg skjøner korleis eg havna der, gråtande, ventande på den varme sjokoladen. Inderleg godt. Kjenner alle dei medverkande faktorane.

Då set eg av eit avlukke i tid. Til å dvele i ubalansen, kvile i den. Du veit det når du ikkje har noko anna val lenger.

Etter det skal eg levere, glitre, og so skal eg kvile. Slik er det, og so, ein fin dag, skal eg kjenne balansen att.