Flyt

Sumarsolverv, Grieg, takksam og audmjuk

Eg har  l a n d a  heime.

Nesoddens jordande energi i kontrast til det luftige Sunnmøre har satt seg i meg og eg er full av beundring for den vakre og gripande opplevinga, som operaen Kimen var!

Om 2 kveldar, på sjølvaste sumarsolvervkvelden, syng eg konsert i Skoklefall Kirke. Ein konsert utelukkande beståande av Edvard Grieg sin musikk, og ikkje minst framfører me Haugtussa.

Dagane rundt sumarsolverv – den lengste dagen i året – er fra gamalt av ansett å vere den mest magiske tida på året. Lys og liv i overflod.
Men sjølv om midtsumar er ein dag for feiring av lyst og latter, er det og ein dag for refleksjon, og stillheit, og ei oppfordring frå moder jord til å ta seg tid til å stoppe og lytte.
Frå no av vil kvar dag bli kortare, til natt igjen er lengre enn dag, og sumarsolverv er ein dag der me stoppar og anerkjenner korleis våre liv, så vel som året, går gjennom ein syklus og korleis me ved å gi slepp i større grad kan vere tilstades i våre eigne liv – og vere tilfreds og stolte av – der vi til ei kvar tid er, i vår syklus av livet.

Eg tek med meg mykje frå desse vekene på Sunnmøre. Mange gav mykje av seg sjølv i denne ambisiøse operaproduksjonen og vart styrka av å skjøne kva man eigentleg kan få til! Komponist Magnar seier at han går ut i verda med takksamheit og audmjukheit i hjartet, i den tru at ting då vil legge seg til rette – og det gjorde dei, verkeleg!

Me sjåast kanskje i Skoklefall Kirke? Eg kjem til å vere ho som står der med hjartet på vidt gap og syng av full hals, sannsynlegvis ikkje perfekt, men full av takksamheit og audmjukheit, i den tru at ting då vil legge seg til rette. <3

Sumarkonsert med musikk av Grieg
Skoklefall Kirke, Nesodden
21. juni
Bill: 200,- i døra

IMG_7423IMG_7418

Kimen

I morgon er det  v e r d s p r e m i e r e  for operaen Kimen.

I snart 3 veker har eg pusta og levd her mellom sunnmørsalpane, her eg vaks opp. Eg har veksla mellom å vere på operaprøver, gått i fjellet, nytt eit usedvanleg vakkert sommarvér og sett godguten fylle 3,5 år omgitt av sine kjære besteforeldre, som han er so glad i.

Min favorittkomponist, Magnar Åm, har skrive ein kompleks, vakker og dramatisk opera, bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Romanen vart skriven i 1940, etter krigsutbrotet, og representerer eit viktig vendepunkt i Tarjei Vesaas si dikting. Det metaforiske fekk større plass, språket vart meir nedstrippa og nake, det usagde vart meir framtredande, og eit mørkt djup kom meir til syne.

Romanen forutsåg det opprivande rettsoppgjeret og det folkelege, utanomrettslege oppgjeret som skulle utspele seg etter at krigen var slutt. Dette gjorde den ved å tematisere ein allmennmenneskeleg eigenskap: vår hang til hemn når me har opplevd urett, og vår fare for sjølve å gjere urett når hemntanken blir til hemnhandling, massesuggesjon og lynsjing.

56A236A8-F1F9-46FA-A6EF-C9DFF2E91B91
Handlinga tematiserer også forholdet mellom menneske og natur. At mennesket ER natur, og at naturen er både grusom og god. Men at der kan ligge noko forløysande i innsikta om dette og i nærleiken til vokstrane, samværet med dyra, arbeidet med jorda, og døgnrytmen av mørke og lys.

Eg gler meg vilt til å gjere rolla som Else <3

Dei Nynorske Festspela Propellhallen kulturarena, Volda.
fredag 8.6. kl 18.00
laurdag 9.6. kl 13:30 og 18.00

Billettar til fredagsframsyninga finn du her:
http://www.festspela.no/dnf/no/program_2018/fredag/Operaen+Kimen.d25-SMdrKW6.ips

Billettar til laurdagsframsyningane finn du her:
http://www.festspela.no/dnf/no/program_2018/laurdag/Operaen+Kimen.d25-SMdrGW-.ips

Min ven, våren

V å r e n er her! Dette er ei tid for å gi slepp på det som har samla seg opp og skapt stagnasjon og gjere seg klar for sommarens ekspanderande og gledesrike kvalitetar.

Vårreingjering i hus, kropp og sinn!Tid for å fokusere, skape varme og avgifte. Tid for å sleppe taket på det gamle og frigjere plass i kropp og sinn.

I følge ayurveda er dette kapha dosha si tid. Våren kjem med regn og sølepyttar. Bakken vert våt og tung og gir grobotn for at nytt liv kan vekse fram. Våren har ei våt tyngde samanlikna med dei luftige og tørre kvalitetane i vinteren. Kapha er langsam, oljete, våt, grunna, mjuk, kjølig og tung og høyrer til elementa jord og vatn.

Me omfavner dei vakre ibuande kvalitetane som kapha har, medan me balanserer ut med kontrasterande kvalitetar. Omfavner og balanserer, mitt nye mantra.

Eg pustar inn lettheit og klarheit, eg pustar ut uhjelpsame vaner og tankar.

Eg puster inn nye moglegheiter, eg pustar ut forgiftande inntrykk.

Eg pustar inn i akkurat dette augeblikket, eg pustar ut takksamheit for det som har brakt meg hit, til akkurat dette augeblikket.

Eg går på matta kvar einaste dag, eg et frå planteriket, eg syng med fuglekvitter som kor, eg fyller kalenderen med kun det som gir meg ei god kjensle.

Eg er takksam for å ha so varierande årstider, naturen er min største lærar. Ved å akseptere dei ulike årstidene og anerkjenne alle moglegheitene for vekst som ligg i å leve i balanse med dei, vert kvar dag rikare, året rundt.

Våroppvakning

Å r s t i d e n e  i Noreg er imponerande. Endringane som skjer i løpet av eit år er store, vakre, symbolske. Eg ynskjer å gjere ære på årstidene, bevisstgjere desse syklusane vi lever i, å bringe oss nærmare naturen. Korleis kan vi både leve i takt med omgjevnadane og samtidig finne vår balanse?

Eg ynskjer våren varmt velkomen, denne lysare tida, eg ynskjer den velkomen med opne armar! Eg takkar audmjukt vinteren, med si kraft, ristar av all snøv og kulde i denne energifylte yoga workshopen i vårens teikn! Og eg ynskjer deg velkomen til å bli med <3

  • Pranayama (pusteøvingar)
  • Meditasjon og chanting
  • Spesialdesigna vinyasa yoga flow
  • Avspenning
  • Refleksjon og drikke + snacks

A k t u e l l e  w o r k s h o p a r:
Laurdag 28. April 08.00-10.30

Flyt Studio, Nesodden
Investering/pris: 300 kr
Påmelding til post@karenrosenbergolsen.com
Betaling vipps til 90732671 (karen) FB event her.

Laurdag 12. Mai 08.00-10.30
Leela Yoga, Oslo
Investering/pris: 300 kr
Gå til leelayoga.no for å melde deg på og bli med der!

Laurdag 26. Mai 08.00-10.30
Tindelandet, Ørsta
Investering/pris: 250 kr
Påmelding til post@karenrosenbergolsen.com
Betaling vipps til 90732671 (karen)

Haugtussa

S o n g s y k l u s e n  «Haugtussa» bergtok meg allereie då eg var ein pur ung songstudent. Og eg har sidan då kjend ei sterk tilknytning til dette verket. Mystikken, nærleiken til naturen, den inderlege kjærleiken, den overveldande sorga, musikken!

Me følgjer Veslemøy. Ho får tilnamnet Haugtussa, på grunn av sine overnaturlege evner til å sjå, sjå langt inni ein annan heim.

«Det Syng» set stemninga. Ein urovekkjande mystikk røper skumle krefter i spel og vert avløyst av lokkande melodiliner – Å hildrande du, med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. Det er den underjordiske Blåkallens frieri.

Uroa ulmar under overflata og den andre songen, «Veslemøy» er eit sårt portrett.

Kontrasten er skjellsetjande når me møter henne att som ei hovudstups forelska jente i «Blåbærli». Ho svinsar muntert omkring blant kyrne og fortel korleis ho skal jage vekk bjørn, ulv og rev om dei skulle dukke opp. Men, var det den snilde gut … han fekk vel ein på sin trut, – men helst på ein annan måte.

I «Møte» treff me ei drøymande og forventningsfull Veslemøy som eksploderer i all sin kjærleik i det guten hennar kjem til syne. Dei to unge elskande skjelv saman, munn mot munn, før dei sovnar i armane til einannan.

Kjærleikshyllesten held fram i neste song, «Elsk» før den fornøyelege «Killingdans».

I «Vond Dag» skjønar Veslemøy at ho har blitt sveke av sin kjære og det endar i gruvekkjande ord; ”no må ho døy; ho miste guten sin”.

Avslutningssongen er det vakraste eg veit om. I «Ved Gjætle-Bekken» søkjer Veslemøy mot den surlande, kurlande, sildrande, vildrande bekken, lydmåla gjennom eit meditativt, vandrande piano bada i pedalklang. Den hjarteskjerande siste lina til Veslemøy lyder– ”å lat meg få blunda!”.

Eg framfører Haugtussa, og fleire av Griegs komposisjonar, samt Handel sin håpefulle «I know that my redeemer liveth» i konsert

Palmesøndag i Ørsta Kyrkje kl.19.00
Bill. 200,-

Velkomen <3

Yin & Yang

I år  u t v i k l a r  eg yoga workshop konsept som eg håper kan vere til glede for andre, og meg sjølv, i maaaange år framover. Dette er eit konsept som er tenkt som eit slags 2- dagars mini retreat. Den eine dagen fordjupar vi oss hovudsakleg i ein yang praksis, med dynamisk yoga, styrke og kraft, den andre dagen er i større grad via til yin, med kvile, innsikt og stillheit. Me lyfter fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre <3

A k t u e l l e  w o r k s h o p a r:

Kapha

Velkommen til den fyrste workshopen i serien «embrace & balance».

Me lærer om yoga i samband med ayurveda, og ser spesifikt på korleis me kan balansere kapha dosha.

Idéen er å lære om og anerkjenne den me er og åpne opp for den visdommen som ligger i oss.

  • ei innføring i Ayurveda og kapha dosha
  • ein flow for å balansere kapha dosha
  • ein mjuk yogapraksis + yoga nidra for å omfavne kapha dosha

A k t u e l l e  w o r k s h o p a r: