h e n d i n g a r

Fullmåne i væren

Fullmånen er i væren.

Me slepp taket på det gamle og me finn vår indre ild og styrke. Me gjer rom for at vårt potensiale kan skine og for at me kan gå inn i dei neste vekene med ei større grad av takksemd for det me er og er ein del av.

Velkomen til fullmånesirkel i @yogaigamleskrivargarden 

onsdag 20/10 kl.18.00-19.30

Ta med: 

– Ein personleg gjenstand 

– Noko å skrive i og med

– Ha på mjuke klede, ev. fleire lag og sokkar

Meld deg på til post@karenrosenbergolsen.com eller via DM

Vipps 250,- til #602034

Fullmånesirkel

Velkomen til fullmånesirkel tysdag 21/9 kl.18.00-19.30

– Me sit i ein sirkel og praktiserer mjukgjerande yoga og guida meditasjon.

– Fokuset rundt fullmåne er på takksemd og det å setje intensjonar for seg sjølv. Kva finst det ei overflod av og kva kan sleppast taket på?

– Me brukar skriving og kontemplasjon som teknikkar for auka bevisstgjering.

– Det aktuelle astrologiske teiknet for denne fullmånen vil setje sitt preg på korleis me jobbar tematisk i sirkelen. Den 21. september er fullmånen i fiskane.

– Alle vert inviterte til å ta med seg ein gjenstand som dei ynskjer å legge i midten av sirkelen. Eit smykke, bilete, skjell, krystall, det kan vere kva som helst.

– Me avsluttar med ein varmande kopp te.

Ta med: 

– Ein personleg gjenstand 

– Noko å skrive i og med

– Ha på mjuke klede, ev. fleire lag og sokkar

Meld deg på til post@karenrosenbergolsen.com

Vipps 250,- til #602034

Y i n & Y a n g

Yin & Yang Workshop

Yogano, Ulsteinvik

16. oktober kl.10.00-13.30

*Yang praksis

*Pranayama

*Meditasjon
*p a u s e

*Yin praksis

*Yoga Nidra


I denne workshopen lyfter me fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre.

Yogalærar Karen Rosenberg Olsen vil guide deltakarane gjennom ein yogapraksis der fokuset er styrkande, varmande og ekspansivt. Vidare vil ulike pusteøvingar hjelpe til med å førebue ytterlegare for ein guida meditasjon. Etter ei pause vil praksisen ha ei større grad av yin-kvalitet over seg. Og yoga nidra vil samle yang og Yin kvalitetane og kunne tilby djup kvile, bevisstgjering og lading.

Ingen forkunnskapar er naudsyne og alle er velkomne.

Kontakt yogano for påmelding <3

m o r g o n f l y t

Morgonflyt 

Veke 37, 38, 39 & 40 kl. 09.00-10.00

tysdagar og torsdagar i Gamle Skrivargarden.

***


Yogalærar Karen Rosenberg Olsen guider deltakarane gjennom desse enkeltståande morgonklassene, i ein sterk og varmande flyt.

Klassene er drop-in baserte, men meld ifrå om at du kjem, so me veit at du får plass.

Me har alt av utstyr, men ta gjerne med eige. 

Det er 10 tilgjengelege plassar for kvar gong.

*Påmelding via DM eller til post@karenrosenbergolsen.com &

*Betaling via Vipps 150,- kr / studentar 100,- kr til #602034

Yoga & Levande Musikk

Yoga & Levande Musikk 12. september kl.14.00-15.15

***

Ei stund med yoga og meditasjon i Gamle Skrivargarden.

Pianist John Inge Leira Bjøringsøy speler piano og yogalærar Karen Rosenberg Olsen guider deltakarane gjennom ein mild flyt.

Me har alt av utstyr, men ta gjerne med eige. Ingen forkunnskapar er naudsyne.

Det er 10 tilgjengelege plassar.

*Påmelding via DM eller til post@karenrosenbergolsen.com &

*Betaling via Vipps 250,- kr til #602034

O p n i n g

2 8 – 2 9 / 8 O P N I N G
Yoga i Gamle Skrivargarden i Volda

***

Laurdag:

15.00-16.30 mild flyt + meditasjon

16.30-17.15 prat + te

17.15-18.15 nidra + mjuk flyt

dagspass: 350,- kr

Søndag:

10.00-11.30 sterk flyt + pranayama

11.45-12.30 pimpa havregraut

12.30-13.30 prat + te + musikk

dagspass: 400,- kr

K J Ø P B I L L E T T *

Det er ei stor glede for meg å dele nyhenda om at det no vert eit yogatilbod i Gamle Skrivargarden i Volda. Laurdag 28. og søndag 29.august vert det opningshelg. Det er no lagt ut 10 billettar til kvar av dagane, og desse kjøpest via tikkio. 

Programmet for opningshelga byr på yoga i forskjellige intensitetsgrader, ulike typar meditasjon, ein prat om kva tilbodet vil by på, mat, drikke og musikk. Du kan kjøpe pass for ein eller to dagar, eller vere med på begge dagane.

Yogalærar, songerinne og skrivargardseigar Karen Rosenberg Olsen er hovudlærar. Ho har undervist yoga og meditasjon i over 10 år. Utover hausten vil det verte fleire yogasamlingar og fleire spanande gjestelærarar vil verte inviterte.

Alt foregår i www.gamleskrivargarden.no Info vert lagt ut her og i sosiale mediekanalar @yogaigamleskrivargarden

Praktisk info:

  • Me praktiserer smittevern
  • Me har alt av utstyr, men ta med eige om du ynskjer
  • Øvingar vert tilrettelagt den enkelte sitt behov, modifikasjonar vert gjennomgått
  • Til opningshelga sél me kun billettar til heile dagen/dagane. Kan du ikkje kome på alt, so betaler du likevel full pris.
  • Ta kontakt om du lurer på noko

K J Ø P B I L L E T T *