k l a s s e r

V i r y a
Ei dynamisk og innhaldsrik yogaform med mykje hjarte. Den er grundig og metodisk, filosofisk og morosam, samt både roleg og friflytande. Virya er både for dei som er nye til yoga og for dei som har hatt yogaen i sitt liv lenge. Dette er yogaen som gjorde meg til ein lærar og yogaen som gjer at eg alltid vil undervise.
A k t u e l l e   K l a s s e r:

Y i n
Kunsten å sleppe taket. Yin er i høgste grad eit møte med deg sjølv og din fysiske, mentale og energetiske kropp. Ei lyttande, meditativ yogaform som kan gi oss uvurderleg ro til nervesystemet og opne opp for friare flyt av energi i kroppen. Vakker og viktig er den.
A k t u e l l e   K l a s s e r:

G r a v i d
Å bere fram eit born er også å gradvis vekse inn i det å verte mor. Mine gravidyogaklasser gir rom for denne reisa. Rom for å finne sin unike, ibuande styrke, rom for å knyte kontakt med bornet i magen, rom for å kvile, rom for deg.
A k t u e l l e   K l a s s e r:

B a r s e l
Lave skuldrar. Rause mødre oss imellom. Djupe pust. Babylatter. Bekkenbotn. Oppmjuking. Styrking. Babyar som ruller på besøk til kvarandre sine matter. Song. Berøring. P u s t. Leik. Kjærleik.
A k t u e l l e   K l a s s e r:

F a m i l i e  &. B o r n
Ein vaksen kan omfavne sitt indre born, samt sitt faktiske born i savasana. Born kan gjere noko fysisk saman der ingen treng å vere best, vinne eller tape, kjærleik og kjær leik i eitt.
A k t u e l l e   K l a s s e r:

K O N T A K T //
e-post: post at karenrosenbergolsen
instagram: karenrosenbergolsen