o m

Songerinna i meg er fundert i eit djupt ynskje om å vere til stades og ha moglegheit til å kunne skape i augeblikket. Som yogalærar ynskjer eg å kunne guide mine deltakarar til å finne t i l s t a d e v æ r e l s e  og indre styrke både på matta og av. Til mine 1:1 møter bringer eg alltid med meg hjarte og audmjukheit.

Mitt arbeid har fleire delar. Ein del foregår heime ved flygelet, der eg øver til neste konsert. Ein del er då eg får omskape augeblikket gjennom songutøving. Ein del bringer meg heim att med notatboka og yogamatta der eg planlegger neste klasse eller samling. Ein del byr på det ansvaret og store privilegiet som det er å site i lærarsetet, anten det er foran eit fullsatt rom eller gjennom nære møter 1:1. For meg verker ikkje dette arbeidet som fleire delar, men som ein heilskap, der delane fullender kvarandre. Det er arbeid som nærer meg og som eg alltid vil dele.

Eg er evig fascinert over rikdomen som finst i nærvær og tilstadeværelse. Klarheita som vert avdekka i meditasjon. Den unike flyten som oppstår når man som utøvar klarar å frigjere seg frå sine hindringar og berre vere ein kanal for materialet. Kor sterk ein kan kjenne seg når ein har verktøy og teknikkar. Kor sårbar og mjuk man kan tillate seg sjølv å verte når ein kjenner seg trygg. Kor ord kan skildre i det uendelege, binde oss saman og rome so mykje håp. Kor musikk kan strekke til når me ikkje maktar å finne orda. Kor menneske kan kome saman og dele augeblikket. Kor røyrsle er medisin. Kor pusten lever i takt med alle våre skiftingar. Kor det å finne si røyst er ei botnlaus reise som byr på so mykje meir enn det å synge reint og vakkert. Eg er evig fascinert av røyst og røyrsle og tilstadeværelse er drivkrafta for mi skaparkraft.

krusedull_heimeside

E G  T I L B Y R //

  • Songoppdrag
  • Konsertar med mine musikalske prosjekt
  • 1:1 Møter
  • Samlingar & Klasser
  • Tilstades Yoga

U T D A N N I N G //

  • Insight Yoga Teacher Training med Sarah Powers 2019
  • Gravideyoga Lærarutdanning Oslo Yoga 2014
  • Master Utøvande klassisk song Barratt Due/NMH 2011 – 2013
  • Påbyggingskurs Virya Yoga Nordiska Yogainstitutet 2012
  • Yogaterapi med Sundari Lucey 2011
  • 200 h Virya Yoga Teacher Training Nordiska Yogainstitutet 2009 – 2010
  • Bachelor i utøvande klassisk song og vokaldidaktikk PPU Barratt Due 2006-2010
  • Erasmus Exchange Voice The Royal Conservatoire of Scotland 2008-2009
  • Drama mellomfag Høgskulen i Volda 2004 – 2005
  • Musikalutdanning 2002 – 2003 Bårdar Akademiet
  • Volda vgs Musikklina 1999 – 2002

K O N T A K T //
e-post: post at karenrosenbergolsen
instagram: karenrosenbergolsen