November

Godt inne i  n o v e m b e r  månad.

Laurdagskveld, huset er stille og tonar frå generalprøva til John Rutter’s Magnificat surrar fortsatt vidare i hovudet. Yogamatta har blitt rulla saman att etter min yinpraksis og skal rullast ut att til Virya på Leela i morgon føremiddag.

Etter endt konsert i morgon tek eg til på innstuderinga av «Kimen», ein nyskrive opera av den geniale komponisten Magnar Åm. Denne vil bli urframført i juni neste år, men vi gjer ein konsertant versjon i Oslo, den 5. desember.

Notestativet vil óg bli fylt av julemusikk, til kyrkjekonsertar på Sunnmøre.

Yoga på Leela underviser eg til og med årets aller siste dag, Nyttårsaftan, og før jul vert det anledning til å kome på grunnande adventsyogaworkshop.

Alt av konsertar og yogaundervisning ligg under song, og under yoga.

Eg lovar å gi november nok rom, den er so umåteleg vakker.

Du dyraste guten min

Dei aller fyrste s n ø f n u g g a fall i stad, medan eg la sonen min.

Om nokre få veker fyller han 3 år. Eg sa ifrå meg eit songoppdrag for å kunne feire dagen hans på sjølve dagen. Eg tenkte at vi kunne feire det dagen før og at eg so kunne fokusere på koloraturen i Händels «Rejoice greatly» og dei lange linene i «I know that my redeemer liveth». Hjartet sa so noko anna.

Klart eg skal vere der, fullt tilstades, på sjølvaste dagen. Ete kake, synge bursdagssong, stelle i stand bursdagsselskap og gråte ein liten skvett og klappe meg sjølv på skuldra for, ikkje den jobben eg kunne ha gjort den dagen, men den jobben eg har gjort, utan stopp i 3 år.

Takk, min son, for so uendeleg mange ting, men kanskje mest fordi du opnar hjartet mitt, so det står på vidt gap frå morgon til kveld.

I 2018 speler eg inn mi fyrste plate «Du dyraste guten min», den er til deg, frå hjartet mitt.

Mjukning

T i l l a t heile overflata av framsida av kroppen å kjennes mjuk.

Lat att augene, lat pusten sakke ned, lat panna slappe av, kjeven, halsen. Lat brystet ditt mjukne.

Tillat magen din å vere som den er.

Lat overflata av framsida av beina dine berre smelte. Forestill deg at du er i dagslys. Sola er over hovudet ditt. Du kan kjenne den på huda. Du føler det du føler. Du lét pusten gi deg næring og omsorg.

Ikkje pakk inn eller beskytt denne mjukheita. La denne mjukheita vere ei styrke. Ingen treng om å vite dette, berre du. Hald deg open for å ta imot, open for å bli rørt ved.

Gå inn i dagen, villig til å ikkje stenge av. La mjukheita vere ei styrke, hald deg open.

Stilla

«Den s t i l l a  kvardagen treng, for å levast»

Jon Fosse sine ord, mi sanning og djupaste ynskje.

Dei siste vekene har eg latt meg forbafle av kor mange jobbtilbod som på magisk vis har strøymd på. Ein Messias her, ei operarolle der, yogaklasser i to nye studio, moglegheiter for nye samarbeid og nye kanalar, audmjukgjerande tillitserklæringar. Eg har sjølvsagt sagt ja til alt. Ein gjer jo det. Eg må jo gjere det. Bør eg gjere det?

Eg lever fortsatt i mi sanning. Eg har takka nei til nokon av desse dørene fulle av moglegheiter. Eg har vald å behalde ei romslegheit i kvardagen, opningar for å finne den stilla, den som kvardagen treng, for å levast.

Det skjer so mykje fint utover hausten. På konsertscenene, ved flygelet, på yogamatta, i hovudet, i haustskogen, rundt kveldsmatbordet, ved togbanesettet.

Alt er eitt, alt blandar seg og stille stunder innimellom opphøger kvardagen til høgtid, kvar dag <3

 

golden

Intensjonar

S e p t e m b e r  kom i dag.  

I skrivande stund er eg i stillheit. Fredagskveld. Det tikka inn 2 flotte songoppdrag i dag, eg er månadens lærar på leela yoga, og dagen elles har gått til å ta seg ømt av ein liten febersjuk skatt. 

Det er slik eg so gjerne vil ha det. Å kunne vere stille og lytte til det subtile og mindre åpenbare, å kjenne eit utømeleg, men overkomeleg driv for å ville skape, å vite at eg har tid nok, tid til å vere der for dei eg er glad i. 

Balanse.

August drog litt hardt i hjartestrengane mine og eg måtte bli sterkare for å kome gjennom. 

Mine intensjonar er å møte hausten med djupe pust og klarheit samt ein tilstadeværelse som like gjerne kan vise seg på yogamatta som på konsertscena, eller heime i sofaen, på ein heilt vanleg fredagskveld.
– K

1. august

Den 1. august var ein dag med 3 omgangar heimebrygga kaffi. 6 stup frå flytebrygga. 2 yogaklasser og 1 satt musikalsk intensjon.

Eg held fast på denne sommaren, som har vore ein av dei beste. Jamn straum av besøkande i heimen vår, solfylte dagar, nye vennskap som kjennes ut som gamle, alt dette håper eg fortsetter utover hausten.

I august har eg yoga på leela tysdagar og torsdagar fram til 19. august, då hausttimeplanen tek over og eg vil ha lunsjklasser tysdag og torsdag, samt fortsette med mine 2 søndagsklasser. Duo Chiaroscuro har fleire oppdrag og konsertar, blant anna i Skien den 25. august. Og som sagt, ein spesifikk musikalsk intensjon vil forhåpentlegvis få anledning til å bløme.

God august <3

augustblomarbrød

,