Song

«If I cannot fly, let me s i n g.»

karen_biografi_stort

S o n g e r i n n a  Karen Rosenberg Olsen har mastergrad i utøvande klassisk song frå Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole. Ho har ei bachelorgrad i klassisk song og vokalpedagogikk frå Barratt Due og Royal Conservatoire of Scotland.

I masterstudiet sitt fordjupa ho seg i opera 1-aktere og framførte blant anna Poulencs «La Voix Humaine» med nynorsk omsetjing. Ho har lang erfaring som frilans sopran og har gjort ei rekke konsertar både i Norge og utanlands, og då særleg med nordisk musikk. Ho har framført solopartia i kyrkjemusikalske verk som Händels Messias, Dvoraks Stabat Mater og Juleoratoriet av Bach.

I 2018 gjer ho rolla som Else, i Magnar Åms nyskrivne opera «Kimen», basert på boka av Tarjei Vesaas og speler inn si fyrste plate «Du dyraste guten min». Oversikt over utøvande erfaring  finn du her.

Karen arbeider med sine ulike skapande prosjekt og kan bookast til songoppdrag.

krusedull_heimeside

krusedull_heimeside

Skapande prosjekt

nocturne

  • Plateinnspeling 2018 «Du dyraste guten min»
  • 25/3 Vår / Haugtussa, Ørsta Kyrkje
  • 21/6 Sumarsolverv / Haugtussa, Skoklefall Kirke, Nesodden
  • Sumar / Haugtussa, Eidskog
  • Sumar / Blomsterduettkonsertar med Duo Chiaroscuro
  • Festivalen Sommarljom 2018
  • Platesleppkonsertar: «Du dyraste guten min»
  • Vinter / Klassisk Julekonsert Nesodden
  • Vinter / Klassisk Julekonsert Volda Kyrkje
  • Vinter / Klassisk Julekonsert Ørsta Kyrkje

Du dyraste guten min
Ei samling med noko av det vakraste og næraste vi har av musikk, voggesongar.

Vår, Sumar, Haust, Vinter
Mange komponistar har latt seg inspirere av årstidene i endring. Karen set opp fleire konsertar gjennom året der repertoaret gjenspeglar årstida og høgtidene vi befinn oss i.

She, with her longing 
Komposisjonsprosjekt.

krusedull_heimeside

Songoppdrag

109

  • 4/5 Bryllup, Akershus festning
  • 17/5 Nesodden
  • 8. & 9/6 Rolla som Else i Operaen «Kimen», Volda
  • Sumar / Blomsterduettkonsertar med Duo Chiaroscuro
  • November Ibsenkonsert med Duo Chiaroscuro, Skien

Opera og Romanser
Klassiske arier av Mozart, romantiske av Puccini og arier i barokkstil av Händel, nasjonalromantiske romanser av Grieg, svevande poetiske av Faure. Karen har eit stort repertoar av opera-arier og romanser og sett gjerne saman eit program til ein event eller konsert.

Kyrkjemusikk
Karen har eit stort solorepertoar som egnar seg godt til høgtidene jul og påske. Ho har sunge solopartia i kyrkjemusikalske verk som Händels Messias, Juleoratoriet av Bach, Dvoraks Stabat Mater, Pergolesi sitt Stabat Mater og Buxtehudes Membra Jesu Nostrae.

Gravferd
Song i gravferd kan gi trøyst i ei tung stund og gi eit vakkert og verdig preg. Karen har lang erfaring med å vere solist i gravferder og er ein trygg og stødig solist. Les meir her.

Bryllup
Karen har hatt den store gleda av å synge i mange vigsler/seremonier! Lyft den store dagen enda eit hakk! Les meir her.

Eventer
Firmafest, konferanse, bursdag, julebord.

Duo Chiaroscuro
Sopranen Karen Rosenberg Olsen og mezzosopran Silje Vatne Heggem møttes som songstudentar ved Barratt Due Musikkinstitutt og har saman etablert duoen Duo Chiaroscuro. Besøk Duo Chiaroscuro si heimeside og ta kontakt for å booke Duo Chiaroscuro til konsertar, bryllup, eller eit sofistikert innslag på ein event.

krusedull_heimeside