Songerinna / The Singer

S o n g e r i n n a  i meg er fundert i eit djupt ynskje om å vere til stades og ha moglegheita til å kunne skape i augeblikket.
/
/

T h e  S i n g e r  in me is rooted in a deep wish to be present and to have the opportunity to create in the moment.

IMG_3773

Karen Rosenberg Olsen har mastergrad i utøvande klassisk song frå Barratt Due Musikkinstitutt og Norges Musikkhøgskole. Ho har ei bachelorgrad i klassisk song og vokalpedagogikk frå Barratt Due og Royal Conservatoire of Scotland.

Ho har lang erfaring som frilans sopran og har gjort ei rekke konsertar både i Norge og utanlands. Ho har framført solopartia i kyrkjemusikalske verk som Händels Messias, Dvoraks Stabat Mater og Juleoratoriet av Bach. I 2018 gjorde ho rolla som Else, i Magnar Åms nyskrivne opera «Kimen», basert på boka av Tarjei Vesaas.

Karen arbeider med sine ulike prosjekt og samarbeid og kan bookast til songoppdrag.

/
/

Karen Rosenberg Olsen holds a masters degree in classical singing from the Barratt Due Music Academy and The Norwegian Academy of Music, in Oslo, Norway. She also holds a bachelor’s degree in classical singing and voice pedagogy from Barratt Due and The Royal Conservatoire of Scotland.

She has been singing freelance since the age of 16 and has done many concerts both in Norway and abroad. She has also performed solo parts in many oratorios, like Händel’s Messiah, Dvorak’s Stabat Mater and Bach’s Christmas Oratorio. In 2018 she did the role as Else, in Magnar Åm’s newly written opera «Kimen», based on the novel by Tarjei Vesaas.

Karen works with her different projects and can be booked for singing engagements. 

krusedull_heimeside