Påskekjolen

Mitt  h j a r t e  brenn for familien min, yoga, musikk og… gjenbruk! I fjor kjøpte eg eit gardinstoff på ein gjenbruksbutikk i Ørsta. Stoffet har lagt i skapet her heime før eg drøymde meg opp ein idé om at det ville bli ein perfekt konsertkjole for Påske- og Vårkonserten eg skulle ha i Ørsta Kyrkje denne påska.

Eg fekk mi kjære Mor til å hjelpe meg med å sy den, og siste sting vart sydd timar før konserten.  M ø d r e <3

Eg bar den under konserten og sola skein inn og laga eit fint spel i dei store blomane i stoffet.

Dagen etter gjekk eg i fjellet og då tikka det inn ei melding ifrå ei kvinne som kom med lovord om konserten, og i tillegg kunne meddele at det var so stas å sjå meg i kjolen som var laga av gardinene som hang i mora hennar sitt hus. Huset hadde vore ein glad, gjestfri og frodig heim og ho var sikker på at kjolen kom til å bringe meg lukke <3 Ho hadde levert gardinene til gjenbruksbutikken i Ørsta i fjor, og vips, no er den blitt til konsertkjole for meg.

No er kjolen komen heim til Askehaugen att og kosar seg i kveldssola.

Takk til de som kom på konserten i Ørsta, til min eminente pianist Natallia og til Mamma, alltid takk til Mamma <3

påskekjolenpåskekjolen_påskekjolen_nært

Men fyrst, Kjærleik.

N o v e m b e r  er her. Eg øver til julekonsertar og til operaduett-konsert med Duo Chiaroscuro. Nye yogaoppdrag har tikka inn og eg går alltid ifrå klassene med ei dirrande, våken godkjensle i kroppen.

Heime slår eg meg til ro med at eg aldri i livet kjem meg i mål. Bortsett i frå når det gjelder kos. Det er vi veldig flinke på her i huset. Gi litt varme til nokon som treng det i denne kalde novembermånaden <3

fenderogbalderhellboyogbalderkaffikoppnovembernotaryogabil

Heimekontor

Mine føremiddagar består av kos med den vesle, lang frukost og stor kaffikopp med heile familien, unnagjering av det grøfste husarbeidet, lang trilletur, og so skal det skje: heimekontor. Det er då eg skal få øvd, praktisert yoga, sende mailar og planlegge. Ofte søv vesleguten, ofte vil han ikkje sove, alltid sit det 2 mopsar og held meg med selskap.

Om eg må bruke 5 minutt på å viske ut krusedullar frå avtaleboka mi, om eg må snirkle meg rundt ein snorkande mops som ligg midt på yogamatta, om eg berre må markere meg gjennom ein Mozart arie fordi bornet søv i vogna utanfor vindauget, – so er mitt heimekontor mi grunning og min base. Alt eg tek med meg til yogaelevane mine, alt eg leverer på konsertscenene – det stammer herifrå, og eg ville ikkje hatt det på nokon annan måte. <3

notehyllearbeidslampegrispa%cc%8atangentarplanarimg_7764_2