Sumar

Dagane er ei einaste kavalkade av jordbærspising, vassing i strandkanten, besøk av gode menneske, kaffi i morgonsol og prosecco i kveldssol.

Våren fauk av garde og det gledar meg at sommaren flottar seg slik som den gjer. Desse dagane er uverkeleg fine. Eg nyt dei.

Hausten byr på spanande endringar. Eg skal synge meir. Eg skal undervise yoga medan skatten min er på sin halve barnehageplass.

Arbeidet mitt i sommar tek meg (og deg om du har lyst) til Sommarljom – ein festival i hjartet av Ørsta 27.-30. juli, Tersettkonsert i Skien 25. august og på mitt kjære Leela Yoga er eg kvar tysdag og torsdag og underviser Gravidyoga, Viryayoga og Yin.

God, god sommar,
<3

blomarijulikarenijulihandijuli

Romjul

I  mi romjul,  i  m e l l o m  det gamle og det nye finst takksemd, tilgjeving, innsikt, openheit, drøyming og intensjon.

Eg bøyer meg audmjukt og takkar for alt eg har å elske, tilgir alt eg ikkje har fått gjort, kjenner djupare kva eg ynskjer for framtida, er open for at det ikkje nødvendigvis blir akkurat slik, drøymer om kva det komande året vil lære meg, og eg set mjuke, håpefulle intensjonar for 2017.

stearinlysjulaftanjuletre

 

September

Sommaren er for lengst på hell.
Avtaleboka fyller seg sakte opp.

Eg nyter seine morgonar og smeltar i audmjukheit over endringane som skjer rundt oss, blada som snik seg til å endre farge over natta, vinden som framleis har eit hint av noko mildt i seg.

Eg lét naturen vere mi muse.

Alle komponistar som har latt seg fortrylle av hausten og dens imponerande oppvising, all i n n s i k t a  vi kan få om oss sjølve i denne tida, denne kalde, tørre, og stadig endrande tida som i Ayurvedisk tradisjon er tida for Vata dosha.

Den komande tida er min favoritt. Eg går inn i den boblande av idéar og kreativitet.

Desse tankane og inntrykk ifrå dagens trilletur utfor dørstokken akkompagnerar kvarandre fint. <3

baerblomarguleblomar