Eg kjenner det i heile meg. Boblinga.
Denne sumaren har vore insisterande varm og tørr. Og fantastisk! All varmen har til tider skapa litt overoppheiting på so mange måtar. Det å finne ro, avkjøling, aksept for at ting tek tid og at ikkje alt kan skje på ein gong, det å omfavne yin yogapraksisen, alt dette har vore uunnværleg.
Det boblar av energi i meg, idear på idear, og helst vil eg gjere alt saman, no, på ein gong. Utvilsamt regjerer den ayurvediske Pitta doshaen både omgjevnadane og meg sjølv.
I dag, 1.august set eg meg ein intensjon om å finne balanse. Omfavne denne boblande energien, men sørge for at eg kan lande og finne rammer og rutiner som gjer at eg faktisk kan få utført alt eg dagdrøymer om.
Utover hausten ser eg fram til:
- Fleire faste yogaklasser på Flyt studio og å kome tilbake til hausttimeplanen på Leela.
- Faste gravid- og barselyogakurs på MamaYoga.
- Vidareføring av gullforgylte musikalske samarbeid.
- Å halde spanande yogaworkshopar samt ei fordjupning i familie- og barneyoga.
- Å endeleg få spelt inn mi fyrste plate.
- Store og vakre endringar i hus og heim <3
Takk sumaren 2018, for alt du har bode på so longt.