Barselyoga

Yoga for mamma & b a b y <3

I dette kurset vert det lagt vekt på kontakten mellom mamma og baby, oppmjuking av stiv muskulatur i rygg, skuldrar og nakke, samt utvalgte styrkande øvingar i ein mjuk flow.

Kurset passar best for dei som har baby mellom 2-6 månader, før babyen begynner å krabbe veldig:) Babyen har si eiga matte ved sidan av mamma, i enkelte øvingar er babyen med og vi setter av litt tid til kos og massasje.

Kurset går over 8 gongar og tek til den 23. Januar. Meir info og påmelding her.

Mamayoga

Her om dagen  u n d e r v i s t e  eg barselyoga og gravidyoga i det nydelege studioet MamaYoga på Tullinløkka. Det å fyrst tilbringe tid med desse små nye menneska og mødrene deira, for so å undervise dei vordande mødrene, der dei bittesmå menneska framleis ligg i magen, gjer meg so audmjuk, og so full av beundring for kvinner. Og so, veit du, fyllast studioet med eit glødande lys, og gjer heile rommet om til eit trygt og lunt rede. <3

mamayogamamayoga1mamayoga2