Kjærleik ved Bunnefjorden

På fredag tok eg imot eit r ø r a n d e  vakkert, nygift ektepar med song på bryggekanten.

Ein frisk oktobervind, bølgeskvulp og Vilja-Lied av Franz Lehar møtte heile brudefølget då dei steig av den nydelege båten og i land på bohemske og romantiske Hellviktangen på Nesodden.

Seinare på dagen fekk eg synge Å, vestland vestland, som ei avslutning på familiens tale til bruda. «Sjå hav mot himmel skin med bragd og spel og spelar av kvart skifte i mi sjel».

Det er alltid ei stor ære å synge i nokons bryllup. Gratulerer Caroline og Tor Arne <3