Blomsterduetten

Det var ei  s a n n  glede å synge konsert på Sentralen laurdag som var. Kveldssola strålte inn gjennom dei store vindauga i Forstanderskapssalen i det gamle, staselege bygget og vi song oss gjennom eit nydeleg repertoar som vart ramma inn av 2 Blomsterduettar, henhaldsvis Delibes sin, og Puccini sin.

Hjarteleg takk til alle som kom og fylte salen denne sommarlege maikvelden <3

img_2303-1

Dei nære tinga

Når ein publikummar på heile 100 år utbryter at «dette var det finaste eg har høyrd» etter ein opptreden, då treff det.

Når ein heil sal med eldre mennesker syng med på den eviggrøne «De nære ting», då smeltar noko i meg.

Takksam for i dag <3

Ditt sinn monne flyve så vide omkring.
Det er som du glemmer de nære ting.
Det er som du aldri en time har fred,
du lengter bestandig et annet sted.

Du syns dine dager er usle og grå.
Hva er det du søker? Hva venter du på?
Når aldri du unner deg rast eller ro,
kan ingenting vokse, og intet gro.

Gå inn i din stue. Hvor liten den er,
så rummer den noe ditt hjerte har kjær.
På ropet i skogen skal ingen få svar.
Finn veien tilbake til det du har.

Den lykken du søker bak blånende fjell
– kan hende du alltid har eiet den selv.
Du skal ikke jage i hvileløs ring,
men lære deg elske de nære ting.