Tid

Eg trur at den største gåva du kan gi deg sjølv, er tid.

Tid til å vere  t i l s t a d e s

Tid som gir ladande pauser. Tid til å observere og sortere sinnet. Tid til å kjenne på takksamheit.

Yoga har lært meg kor tida kan stå stille når sinnet roar seg og energien balanserast. 

Songen har lært meg at det einaste som kan gi musikalsk fridom, er tid investert i mitt instrument.

Min son har lært meg at det å ha god tid til å verkeleg sjå han og høyre det han seier, er det som ligg mitt morsinstinkt nærast.

Min mann har lært meg den store verdien av å fordjupe seg i kjærleik over lang tid.

For augeblikket sit eg ved kjøkenbordet, med dagens andre kopp kaffi. Berre lyden av vaskemaskina og svigerfar som ét eple kan høyrast. Eg skal snart av garde og undervise yoga for kvinner med to bankande hjarter i seg. Men fyrst skal eg berre site her og sjå blada på treda gulne littegranne meir i haustsola.

<3

IMG_magi1IMG_magi3IMG_magi4

Oktober og Konsertblomar

O k t o b e r  starta med ein solfylt haustdag og tur til min favorittstad på Nesodden – Kråkesølvgruvene på Spro (neste gong vert kameraet med). Ein dag med senka skuldrar, godkjensle og lading.

Den siste dagen i september var fylt av heile 2 konsertar med mitt favorittrepertoar – Griegs musikk. Ein nøye planlagd konsert blant rekker med bokreolar, i eit velkomande og koseleg hus fylt av litteratur, og i beste «hoppinnmedeindagsvarsel» stil i eit bygg fylt til randen av historie og kjensler – Villa Grande på Bygdøy, Quisling sin bustad under krigen, no Holocaustmuseum. Det er so fint, kor musikk og lyrikk kan leve, bli komplimentert og satt i kontekst av omgjevnadane, og vibrere og leve på sin unike måte kvar gong det vert opplevd eller uttrykt.

Eg mottok den beste sorten blomar etter den fyrste konserten – Konsertblomar. Dei står der dagesvis etter ein opptreden og på ein måte takkar meg for innsatsen, og inspirerer meg til det neste oppdraget.

I oktober ser eg fram til fleire solfylte dagar i naturen, massevis av yoga, eit betydningsfullt veldedigheitsoppdrag og musikkmeditasjon i den staselege Trefoldighetskirken. Eg ser fram til å lese vidare i bunken romanar eg har anskaffa meg, feire tjue år som kjæraster med mannen min og sjå lauva falle på bakken med min son som er berre 2 mnd unna å feire sin 4. bursdag.

Mitt mantra for tida er Takk Takk Takk <3

IMG_påfuglIMG_hårklemmeIMG_konsertblomar

Den Fine Kvardagen

I skrivande stund sit eg på ein båt i solskin, dette er min reiseveg til yogaundervisning i dag, der skal eg undervise kvinner med to bankande hjarter i seg. Eg kjem frå eit inspirerande møte med ei veninde og yogakollega. Før dette leita eg fram att Jake Heggie sitt verk «The deepest desire» som eg skal synge under Musikkmeditasjon i Trefoldighetskirken nest siste kvelden i oktober. Før det igjen følgde eg ein strålande blid sjørøverskatt til barnehagen, spiste ein lang frukost, sov, og det siste som skjedde i går kveld var ein tur under stjernene og den halve månen saman med ei anna god veninde som eg hadde tilbrakt dei forutgåande timane med, saman med raudvinen og den gode samtalen.

Min 35. September er her og eg har so mykje fint i kvardagen. Takk Takk Takk.

Nye konsertdatoar og meir yogaundervisning ligg under songkalender og yogakalender. 

Venlegheit -K

IMG_3773

1. August

Eg kjenner det i heile meg. Boblinga.

Denne sumaren har vore insisterande varm og tørr. Og fantastisk! All varmen har til tider skapa litt overoppheiting på so mange måtar. Det å finne ro, avkjøling, aksept for at ting tek tid og at ikkje alt kan skje på ein gong, det å omfavne yin yogapraksisen, alt dette har vore uunnværleg.

Det boblar av energi i meg, idear på idear, og helst vil eg gjere alt saman, no, på ein gong. Utvilsamt regjerer den ayurvediske Pitta doshaen både omgjevnadane og meg sjølv.

I dag, 1.august set eg meg ein intensjon om å finne balanse. Omfavne denne boblande energien, men sørge for at eg kan lande og finne rammer og rutiner som gjer at eg faktisk kan få utført alt eg dagdrøymer om.

Utover hausten ser eg fram til:

  • Fleire faste yogaklasser på Flyt studio og å kome tilbake til hausttimeplanen på Leela.
  • Faste gravid- og barselyogakurs på MamaYoga.
  • Vidareføring av gullforgylte musikalske samarbeid.
  • Å halde spanande yogaworkshopar samt ei fordjupning i familie- og barneyoga.
  • Å endeleg få spelt inn mi fyrste plate.
  • Store og vakre endringar i hus og heim <3

Takk sumaren 2018, for alt du har bode på so longt.

IMG_3587IMG_3710IMG_3731

 

Min ven, Våren

V å r e n er her! Dette er ei tid for å gi slepp på det som har samla seg opp og skapt stagnasjon og gjere seg klar for sommarens ekspanderande og gledesrike kvalitetar.

Vårreingjering i hus, kropp og sinn!Tid for å fokusere, skape varme og avgifte. Tid for å sleppe taket på det gamle og frigjere plass i kropp og sinn.

I følge ayurveda er dette kapha dosha si tid. Våren kjem med regn og sølepyttar. Bakken vert våt og tung og gir grobotn for at nytt liv kan vekse fram. Våren har ei våt tyngde samanlikna med dei luftige og tørre kvalitetane i vinteren. Kapha er langsam, oljete, våt, grunna, mjuk, kjølig og tung og høyrer til elementa jord og vatn.

Me omfavner dei vakre ibuande kvalitetane som kapha har, medan me balanserer ut med kontrasterande kvalitetar. Omfavner og balanserer, mitt nye mantra.

Eg pustar inn lettheit og klarheit, eg pustar ut uhjelpsame vaner og tankar.

Eg puster inn nye moglegheiter, eg pustar ut forgiftande inntrykk.

Eg pustar inn i akkurat dette augeblikket, eg pustar ut takksamheit for det som har brakt meg hit, til akkurat dette augeblikket.

Eg går på matta kvar einaste dag, eg et frå planteriket, eg syng med fuglekvitter som kor, eg fyller kalenderen med kun det som gir meg ei god kjensle.

Eg er takksam for å ha so varierande årstider, naturen er min største lærar. Ved å akseptere dei ulike årstidene og anerkjenne alle moglegheitene for vekst som ligg i å leve i balanse med dei, vert kvar dag rikare, året rundt.

Det Gamle & Det Nye

2 0 1 7, du var både beinhard og rennande mjuk.

Å bli røska ut av den trygge vesle bobla vår og leve i all den uvissa, kjærleiken, tilliten, sorgprosessen, stoltheita, reflekteringa, angsten, gleda og spenninga som det å sende sin største skatt i barnehagen innebérer.

Å kjenne på ein jublande fryd over å få synge krevjande repertoar men å samtidig jobbe seg gjennom sjølvpålagt prestasjonspress.

Å føle på ein kvardagsriksdom, ein overflod av kjærleik og nærheit, men å ha skrivepulten, meint for skaping og manifestering av idéar, overfylt av ubetalte fakturaer.

Å danne nye venskap som kjennest ut som gamle.

Å ta med seg kjenslene på yogamatta og oppleve, atter ein gong, for ei gedigen kraft yoga har!

Å miste ein du er uendeleg glad i.

Eg tek med meg alle desse erfaringane inn i 2 0 1 8.

Eg har ein eigen stad i hjartet mitt for vår firbeinte godaste skatt, som satte slike uslettelege, djupe spor i oss.

Eg deler meir yoga enn nokon gong før og fordjuper meg i min eigenpraksis.

Eg kjenner på noko eg ikkje visste at eg hadde sakna, sterke, opplyftande venskap.

Eg går inn for å tene meir pengar og samtidig pleie kvardagsrikdomen som det kjæraste eg har.

Eg fokuserer på at eg er elska, eg har verdi, songen ber ikkje om å vere perfekt, den ber om å kome frå ein stad der det er kontakt.

Eg lét mammalivet ruske og slite i meg, vel vitande om at hjartet skal tóle so inderleg mykje. Eg har tillit til min fantastiske son og gir han fridom til å vekse, og so klemmer eg han, sussar han, seier at eg elskar han og ser han. Eg slepp litt, held han lengre og tettare, slepp litt, og let meg sjølv også få vekse.

<3

Ubalanse

Når du står og venter på den v a r m e sjokoladen med krem, som du har bestilt deg, og du med eitt innser at du faktisk grét. Du innser at du er heilt gåen, fysisk, psykisk og andeleg. Du er overvelda og tynnslitt.

Dette skjer meg av og til. Eg kjenner meg stiv og ute av stand til å opne opp i kroppen, overskotet i stemma forsvinn, eg lengter etter ro for meg sjølv, eller med mine aller næraste.

Den balansen eg verdsetter so høgt i kvardagen må få lov til å vike. Men som mor, som ein profesjonell, som menneske, eigentleg, er det ikkje so mykje rom for å dvele i den ubalansen som har oppstått.

Eg skjøner korleis eg havna der, gråtande, ventande på den varme sjokoladen. Inderleg godt. Kjenner alle dei medverkande faktorane.

Då set eg av eit avlukke i tid. Til å dvele i ubalansen, kvile i den. Du veit det når du ikkje har noko anna val lenger.

Etter det skal eg levere, glitre, og so skal eg kvile. Slik er det, og so, ein fin dag, skal eg kjenne balansen att.