Påskekjolen

Mitt  h j a r t e  brenn for familien min, yoga, musikk og… gjenbruk! I fjor kjøpte eg eit gardinstoff på ein gjenbruksbutikk i Ørsta. Stoffet har lagt i skapet her heime før eg drøymde meg opp ein idé om at det ville bli ein perfekt konsertkjole for Påske- og Vårkonserten eg skulle ha i Ørsta Kyrkje denne påska.

Eg fekk mi kjære Mor til å hjelpe meg med å sy den, og siste sting vart sydd timar før konserten.  M ø d r e <3

Eg bar den under konserten og sola skein inn og laga eit fint spel i dei store blomane i stoffet.

Dagen etter gjekk eg i fjellet og då tikka det inn ei melding ifrå ei kvinne som kom med lovord om konserten, og i tillegg kunne meddele at det var so stas å sjå meg i kjolen som var laga av gardinene som hang i mora hennar sitt hus. Huset hadde vore ein glad, gjestfri og frodig heim og ho var sikker på at kjolen kom til å bringe meg lukke <3 Ho hadde levert gardinene til gjenbruksbutikken i Ørsta i fjor, og vips, no er den blitt til konsertkjole for meg.

No er kjolen komen heim til Askehaugen att og kosar seg i kveldssola.

Takk til de som kom på konserten i Ørsta, til min eminente pianist Natallia og til Mamma, alltid takk til Mamma <3

påskekjolenpåskekjolen_påskekjolen_nært