Romjul

I  mi romjul,  i  m e l l o m  det gamle og det nye finst takksemd, tilgjeving, innsikt, openheit, drøyming og intensjon.

Eg bøyer meg audmjukt og takkar for alt eg har å elske, tilgir alt eg ikkje har fått gjort, kjenner djupare kva eg ynskjer for framtida, er open for at det ikkje nødvendigvis blir akkurat slik, drøymer om kva det komande året vil lære meg, og eg set mjuke, håpefulle intensjonar for 2017.

stearinlysjulaftanjuletre

 

Men fyrst, kjærleik.

N o v e m b e r  er her. Eg øver til julekonsertar og til operaduett-konsert med Duo Chiaroscuro. Nye yogaoppdrag har tikka inn og eg går alltid ifrå klassene med ei dirrande, våken godkjensle i kroppen.

Heime slår eg meg til ro med at eg aldri i livet kjem meg i mål. Bortsett i frå når det gjelder kos. Det er vi veldig flinke på her i huset. Gi litt varme til nokon som treng det i denne kalde novembermånaden <3

fenderogbalderhellboyogbalderkaffikoppnovembernotaryogabil

Elsk hardt

I forrige veke song eg i gravferd og såg ein mann ta eit sårt farvel med si kone, med dei vakraste og rørande skildringane av eit nært og kjærleiksfylt forhold. Dagen etterpå var det akkurat 18 år sidan eg vart kjæraste med min kjære ektemann. Eg veit so  i n d e r l e g  vel at morgondagen ikkje er sjølvsagd for nokon av oss og eg jublar for kvar ein dag vi får saman. Elsk hardt, og unnskyld dykk aldri for det!

hjartebachhjarter