Stilla

«Den s t i l l a  kvardagen treng, for å levast»

Jon Fosse sine ord, mi sanning og djupaste ynskje.

Dei siste vekene har eg latt meg forbafle av kor mange jobbtilbod som på magisk vis har strøymd på. Ein Messias her, ei operarolle der, yogaklasser i to nye studio, moglegheiter for nye samarbeid og nye kanalar, audmjukgjerande tillitserklæringar. Eg har sjølvsagt sagt ja til alt. Ein gjer jo det. Eg må jo gjere det. Bør eg gjere det?

Eg lever fortsatt i mi sanning. Eg har takka nei til nokon av desse dørene fulle av moglegheiter. Eg har vald å behalde ei romslegheit i kvardagen, opningar for å finne den stilla, den som kvardagen treng, for å levast.

Det skjer so mykje fint utover hausten. På konsertscenene, ved flygelet, på yogamatta, i hovudet, i haustskogen, rundt kveldsmatbordet, ved togbanesettet.

Alt er eitt, alt blandar seg og stille stunder innimellom opphøger kvardagen til høgtid, kvar dag <3

 

golden

1. august

Den 1. august var ein dag med 3 omgangar heimebrygga kaffi. 6 stup frå flytebrygga. 2 yogaklasser og 1 satt musikalsk intensjon.

Eg held fast på denne sommaren, som har vore ein av dei beste. Jamn straum av besøkande i heimen vår, solfylte dagar, nye vennskap som kjennes ut som gamle, alt dette håper eg fortsetter utover hausten.

I august har eg yoga på leela tysdagar og torsdagar fram til 19. august, då hausttimeplanen tek over og eg vil ha lunsjklasser tysdag og torsdag, samt fortsette med mine 2 søndagsklasser. Duo Chiaroscuro har fleire oppdrag og konsertar, blant anna i Skien den 25. august. Og som sagt, ein spesifikk musikalsk intensjon vil forhåpentlegvis få anledning til å bløme.

God august <3

augustblomarbrød

,

Sumar

Dagane er ei einaste kavalkade av jordbærspising, vassing i strandkanten, besøk av gode menneske, kaffi i morgonsol og prosecco i kveldssol.

Våren fauk av garde og det gledar meg at sommaren flottar seg slik som den gjer. Desse dagane er uverkeleg fine. Eg nyt dei.

Hausten byr på spanande endringar. Eg skal synge meir. Eg skal undervise yoga medan skatten min er på sin halve barnehageplass.

Arbeidet mitt i sommar tek meg (og deg om du har lyst) til Sommarljom – ein festival i hjartet av Ørsta 27.-30. juli, Tersettkonsert i Skien 25. august og på mitt kjære Leela Yoga er eg kvar tysdag og torsdag og underviser Gravidyoga, Viryayoga og Yin.

God, god sommar,
<3

blomarijulikarenijulihandijuli

Romjul

I  mi romjul,  i  m e l l o m  det gamle og det nye finst takksemd, tilgjeving, innsikt, openheit, drøyming og intensjon.

Eg bøyer meg audmjukt og takkar for alt eg har å elske, tilgir alt eg ikkje har fått gjort, kjenner djupare kva eg ynskjer for framtida, er open for at det ikkje nødvendigvis blir akkurat slik, drøymer om kva det komande året vil lære meg, og eg set mjuke, håpefulle intensjonar for 2017.

stearinlysjulaftanjuletre

 

Heimekontor

Mine føremiddagar består av kos med den vesle, lang frukost og stor kaffikopp med heile familien, unnagjering av det grøfste husarbeidet, lang trilletur, og so skal det skje: heimekontor. Det er då eg skal få øvd, praktisert yoga, sende mailar og planlegge. Ofte søv vesleguten, ofte vil han ikkje sove, alltid sit det 2 mopsar og held meg med selskap.

Om eg må bruke 5 minutt på å viske ut krusedullar frå avtaleboka mi, om eg må snirkle meg rundt ein snorkande mops som ligg midt på yogamatta, om eg berre må markere meg gjennom ein Mozart arie fordi bornet søv i vogna utanfor vindauget, – so er mitt heimekontor mi grunning og min base. Alt eg tek med meg til yogaelevane mine, alt eg leverer på konsertscenene – det stammer herifrå, og eg ville ikkje hatt det på nokon annan måte. <3

notehyllearbeidslampegrispa%cc%8atangentarplanarimg_7764_2