Fire Årstider i Ein Dag / Four Seasons in One Day

Eg ser deg. I dag ser eg kor du romer alle fire årstidene på ein dag.

Du søkjer kos som me søkjer nærleik til kvarandre om vinteren. Brått seier du noko som vitnar om ei modning, og eg blir minna på kor du lever i ein slags konstant vår, med stadig vekst. Du har sumarens ild i deg og veit ikkje heilt kva som er den beste måten å kanalisere den på, so eg prøver å legge til rette for deg. Du har haustens mange skiftningar og kreativitet, når du går frå latter til tårer til uavbrutt leik i timesvis.

I dag har du ein månad att av ditt tredje år, og eg tek meg eit augeblikk og forsterker min intensjon om å sjå deg og ta imot deg, i alle dine sanne fargar.

/
/

I see you. Today I see how you hold space for all four seasons in one day.

You seek cuddles like we seek closeness to one another in the winter. Suddenly you say something that show a blossoming, and I am reminded of how you live in a constant state of spring, ever growing. You have the fire of summer in you and don’t always know what is the best way of channeling it, so I try to facilitate. You have the many shiftings of fall and it’s creativity, when you move from laughter to tears to uninterrupted play for hours.

Today you have one month left of your third year, and I am taking a moment to strengthen my intention of seeing you and welcoming you, in all of your true colors.

lauvbassenghivoghoi

Min Veslestore Guru / My Little Grand Guru

Min son er ein meister på  t i l s t a d e v æ r e l s e . Han kan leike med dyrefigurar og ei songregle i timesvis. Han lés meg og seier ofte akkurat det eg tenkjer. Han beveger seg med nyfikenheit og leikenheit.

Han har, sidan eg fekk vite at han var i magen min, vore ei einaste stor inspirasjonskjelde og skrudd opp mi evne til å leve i nuet og vere i kontakt med min intuisjon mange hakk.

Han er min veslestore guru.

Namasté, eg ser lys i meg, Namasté, eg ser lys i deg.

Familie- og borneyoga kvar fyrste laurdag i mnd på Flyt.

<3 <3 <3

/
/

My son is a master of  p r e s e n c e.  He can play with animal figures and a nursery rhyme for hours. He reads me and often says excactly what I’m thinking. He moves with curiosity and playfulness. 

He has, ever since I found out that he was in my belly, been an enormous source of inspiration and raised my ability to live in the now and to be in contact with my intuition several notches.

He is my little grand guru. 

Namasté, I see light in me, Namasté, I see light in you. 

IMG_3479IMG_3489IMG_3499

Processed with VSCO with b5 preset

Processed with VSCO with b5 preset

IMG_3538

Du Dyraste Guten Min / My most Precious Boy

Dei aller fyrste s n ø f n u g g a fall i stad, medan eg la sonen min.

Om nokre få veker fyller han 3 år. Eg sa ifrå meg eit songoppdrag for å kunne feire dagen hans på sjølve dagen. Eg tenkte at vi kunne feire det dagen før og at eg so kunne fokusere på koloraturen i Händels «Rejoice greatly» og dei lange linene i «I know that my redeemer liveth». Hjartet sa so noko anna.

Klart eg skal vere der, fullt tilstades, på sjølvaste dagen. Ete kake, synge bursdagssong, stelle i stand bursdagsselskap og gråte ein liten skvett og klappe meg sjølv på skuldra for, ikkje den jobben eg kunne ha gjort den dagen, men den jobben eg har gjort, utan stopp i 3 år.

Takk, min son, for so uendeleg mange ting, men kanskje mest fordi du opnar hjartet mitt, so det står på vidt gap frå morgon til kveld.

I 2018 speler eg inn mi fyrste plate «Du dyraste guten min», den er til deg, frå hjartet mitt.

Franck, Advent & Mammahjartet / Motherhood

C e s a r   F r a n c k  «Messe i A-dur»!

Dette, for meg ukjende verket, vart eg fyrst kjend med same dag som generalprøva skulle vere! Slik er det av og til i songverda, alle dei timane med høyrelære som man har i studiane får faktisk gjort nytte for seg i det verkelege frilanstilvéret, når andre solistar brått vert sjuke eller fråhindra å gjere oppdraget og ein berre må kaste seg ut i det.

Eg sit att med ei særs hyggeleg oppleving denne fyrste søndagen i advent. Eit nytt kyrkjemusikkverk på repertoaret, nye bekjentskap, men óg ein aldri so liten klump i magen fordi eg måtte jobbe, istadenfor å sjå min snart 2 år gamle vesle, store baby møte Julenissen for aller fyrste gong.

Hittil har eg ikkje gått glipp av mykje i hans liv. Eg skjønar at det kjem til å skje. Små og store augeblikk i livet hans. Det nydelege med dette kjærleiksfulle forholdet mellom mor og born er den sterke tilkoplinga som alltid er tilstades.  Eg kjenner eg er med i bevisstheita hans i det han opplever, sjølv om eg ikkje er der fysisk. Og han er jo alltid i mi. Det er eit ubryteleg bond, verkeleg. Han er jo i hjartet mitt. Og med han i hjartet utøver eg tryggare enn nokon gong. <3

/
/

C e s a r   F r a n c k  «Mass in A-minor»!

This, to me unknown piece, I first made acquaintance with on the same day as the dress rehearsal! This is what it’s like sometimes in the singer world, all those hours with aural training that you do in your studies actually come in handy in the real freelance life, when other soloists suddenly get sick or in some way held away from being able to do the assignment and you just have to throw yourself into it. 

I am left with a most pleasant experience this first Sunday of Advent. A new oratorio on my repertoire, new acquaintances, but also an ever so little lump in my belly because I had to work, instead of seeing my soon to be 2 year old little, big baby meet Santa for the very first time. 

So far I have not missed a lot in his life. I know that that will happen. Little and big moments  in his life. What’s so beautiful with this loving relationship between mother and child is this strong bond which always is present. I feel that I’m there in his conscience in what he’s experiencing, even though I’m not there physically. And he is of course always in my conscience. It is an unbreakable bond, really. He is in my heart. And with him in my heart, I perform steadier than ever. <3

panisangelicusroserkooos

Det ultimate kunstverk. Den ultimate manifestasjon av kjærleik.

Å føde eit born.

Å bringe ein bitteliten person inn i denne verda.

Det er det ultimate kunstverk. Den ultimate manifestasjon av kjærleik.

Kjensla av å ha ein stor mage, med ein liten aktiv skatt inni, alt kjem tilbake når eg underviser yoga for gravide. Alle kjenslene strøymer tilbake når eg snakkar om fødsel. Skjelvinga. Pusten. Smertene. Pipinga i øyret. Utmattelsen. Lettelsen. Råskapen.

For meg, er det å vere mor det som binder alt i livet mitt saman. Lite er so yogisk som å vere gravid, føde og vie sine krefter og si tid til å oppdra eit born. Aldri har songstemma mi ein so tydeleg funksjon som når den roar ned ein skrikande liten baby. Morsrolla er mi muse, mi tryggheit, mitt driv og mi kjelde for visdom. <3

I dag var siste kursgong for gravide på Leela Yoga. Nytt kurs startar opp Torsdag 27. Oktober. Påmelding: leelayoga.no/gravidyoga

abc

Å knyte band med bornet i magen / Bonding with the child in the womb

Sidan eg fyrst utdanna meg til yogalærar i 2010, har eg tenkt at eg skulle bygge på kompetansen min med å utdanne meg til g r a v i d y o g a l æ r a r. Å få ta denne utdanninga, samstundes med å oppleve å vere gravid for fyrste gong sjølv, inspirerte meg til å knytte eit sterkare band med bornet i magen, og ga meg verktøy til korleis eg kan inspirere andre til å styrke dette bandet, både under graviditeten og til samarbeidet mellom mor og born, som skjer under fødselen.

Eg hugsar at eg, svært tidleg i graviditeten, tok ei gravidyogaklasse via internett. Det var noko læraren sa der, som verkeleg ressonerte i meg: I graviditeten så lever babyen gjennom deg, høyrer dine lydar, får næring av det du et, kjenner røyrslene du gjer og opplever  – “Akkurat no, er DU heile universet for denne skapningen i magen din”.

Frå fyrste stund, då bornet vert til, eksisterer det eit samarbeid mellom mor og born. Det som skal bli til eit individ med si eiga personlegheit, drøymer og evner, veks og utvikler seg, faktisk inne i kroppen til mora. Det er slik alle menneske har blitt til, det er slik alle pattedyr vert til. Det er noko universelt og biologisk over det heile, det er eit samarbeid som skjer overalt, med mange, mange menneske. Men likevel er det heilt utruleg, heilt ufatteleg i grunn, og eit svangerskap er ei stor endring for kvinna, både fysisk og psykisk.

Med yoga har vi ei moglegheit til å gi omsorg og pleie til oss sjølve, slik at vi har det bra og kan vere tilstades i det som skjer. Babyen i magen opplever verda gjennom mora, kva mora tek til seg av næring er viktig, korleis ho beveger seg vil påverke kor babyen beveger seg, babyen responderer på lydar mora lagar og er i aller høgste grad knytta fysisk til mora. Sjølve fødselen er eit samarbeid mellom mor og born. Den nedadgåande krafta, livmora som trekker seg saman, den store innsatsen både mor og born gjer, og so etterpå, amminga – der mor og born fører samarbeidet vidare.

Grunnar til kvifor kvinner kan ha utbyte av å trene yoga under graviditeten er mange – du held kroppen sterk og fleksibel,  du kan lære deg teknikkar for å spenne av kroppen og jobbe med pusten, du kan få anledning til å ta vare på deg sjølv i ein travel kvardag, alt dette kan vere med på å forberede kvinna på den foreståande fødselen. Men ei heilt unik moglegheit som ein kun har når man praktiserer gravidyoga er jo å knyte seg til bornet, når man praktiserer yoga elles har man ikkje denne konkrete moglegheita. For meg som gravidyogalærar er det ein fantastisk tanke å kunne vere med på at mora knyttar eit sterkare og meir bevisst band til bornet i magen. Eg har av og til fått kvinner som er gravide på mine vanlege dynamiske yogaklasser, og dei spør då ofte om kva dei ikkje kan gjere, kva stillingar må unngåast. Eg fortel med glede det eg har lært om det, men passar godt på at dei og innser at det å vere gravid er ei fantastisk tilstand å vere i når man praktiserer yoga, og samtidig at det er fantastisk å praktisere yoga når man er gravid. Øvingar der man gir rom til magen, der man hyllar denne skapningen som veks inni deg, roar ned nervesystemet slik at man kan vere i den hellige einheita som dannar seg sterkare dag for dag, minutt for minutt. Gravidyoga byr på spanande prosessar og bevisstgjeringar, og er meir enn “vanleg yoga der du må modifisere eller forenkle dei stillingane du gjer elles”.

Etter kvar øvelse er det ei god anledning til å både gi meir energi til seg sjølv og bornet, ved å ta ein ekstra pust – ein djupt pust som mora dedikerer til babyen i magen. Det er mange øvingar som gjer godt når man er gravid, og mange som lindrer plager og forbereder til fødsel, men so enkle ting som å legge handa til magen, stryke på den, støtte magen i forskjellige stillingar, for eksempel i fredfull krigar, la handa halde rundt magen medan den andre handa strekker seg oppover, slike øvingar kan man og ta med seg inn i kvardagen, man kan synge til bornet, spørre det om ting, halde ein indre dialog. Eg kjenner at yoga, med sitt naturlege indre fokus og ærligheit inspirerer til slike gyldne augeblikk, både av og på matta.

Då eg var gravid brukte eg mykje tid kvar dag på å stryke på magen, visualisere bornet både korleis han var i det augeblikket og korleis han kanskje var når han kom ut og helsa på oss, eg prøvde å knyte meg til bornet og følte det som mest naturleg. Det er imidlertid enkelte som kanskje ikkje vil kjenne på dette forholdet, dei synest det er best å ikkje vite, meiner at dei kan vente med å knyte band, kanskje har dei ei ubehageleg oppleving frå tidlegare svangerskap og vil ikkje binde seg før dei veit at det har gått bra, enkelte kjenner seg kvalme og elendige, dei veit at bornet vert fødd inn i ulykkelege omstendigheiter, det er mange ulike skjebner. Det er viktig å la det vere rom for slike kjensler og forhold også. Då er det viktig at eg som yogalærar er open, forståelsesfull. Vidare utover dette temaet (å knyte seg til bornet i magen) kan man jobbe med aksept, visualisering, avspenning, man kan sette av tid til å prate om ting i gruppa, gi rom for at kvinna får vere seg sjølv midt oppi alt. Kanskje kan dette arbeidet føre til at nokon som i utgangspunktet ikkje klarte, eller heller ikkje ville føle ei tilknytning til bornet, kunne få oppleve ei sterk tilknytning og glede seg over både svangerskap, fødsel og barseltid. Det er nemleg ikkje uvanleg med ulike grader av depresjon hos gravide og mødre.

Eg kjenner eg ei djup takksemd for alt eg lærer – om kroppen, om livet – det rå livet, om mitt eige potensiale, om vår tilknytning til kvarandre som menneske, kor alt heng saman.

Den 1.september startar eg opp eit gravidyogakurs på Leela Yoga. (leelayoga.no)

1-2