Det Djupaste Begjær / The Deepest Desire

4 meditasjonar over  k j æ r l e i k / 4 meditations on  l o v e

På notestativet mitt denne veka står dette verket, «The Deepest Desire, 4 meditations on Love». Poetisk, søkjande, betryggande, oppvaknande, morosamt, mektig.

/
/

This is on the stand this week, «The Deepest Desire, 4 meditations on Love». Poetic, seeking, comforting, awakening, amusing, powerful.

trio_musikkmeditasjon

Syster Helen Prejean er nonna som via sitt liv til å vere ein andeleg retningsleiiar for dødsdømde fangar og kampen for å avskaffe dødsstraff. Komponisten Jake Heggie skreiv operaen «Dead Man Walking» basert på hennar erfaringar.

Komponisten spurde so nonna om hennar relasjon til dette med andelegheit, og ho sa at ho ei tid i livet måtte fråseie seg alt ho hadde blitt lært og fortalt, og at ho gjekk i dybden for å finne sitt hjartes djupaste ynskje og lyst, sitt djupaste begjær. Heggie såg umiddelbart den poetiske overfloden i dette. Berre at ei nonne kunne snakke om sitt djupaste begjær. Syster Helen skreiv tekstar som samanfatta hennar andelege reise og erfaringar og Jake Heggie tonesatte det.

/
/

Sister Helen Prejean is the nun who dedicated her life to being a spiritual counselor for inmates on death row and the fight to abolish the death penalty. The composer Jake Heggie wrote the opera «Dead Man Walking» based on her experiences.

The composer then asked the nun about her relationship with the spiritual, and she said that she, at one time in her life, had had to renounce all that she had been taught and told, and that she went deep to find her heart’s deepest desire. Heggie immediately saw the wellspring of poetry in this. Just the fact that a nun could speak about desire. Sister Helen wrote texts that described her spiritual journey and experiences and Jake Heggie made it into this stunning piece.

trefoldighetskirken3

Den fyrste songen er delt inn i tre delar. «The Call», «More is Required» and «Love» fortél om kor ho trengde å finne aktivisten i seg sjølv, å syngje soloen før koret song med, og viktigheita av å kultivere kjærleik og venskap.

«I catch on fire» er historia om då ho underviste religion og ein del av nonnedrakta hennar tok fyr. No, år seinare, når ho ber, so kjennest det som om ho tek fyr.

«The Deepest Desire» er då ho kjende eit begjær for rettferd, og då ho byrja sitt arbeid med dei dødsdømde. Hjartet hennar bryt ut: Come Home!

«Primary Colors» begynner med ein fløytesolo som minner om den organiske lyden av ei trefløyte, som bender tonane, som fredelige sukk. Det er her ho befinner seg i dag, fylt av fred.

For andre gong i mitt liv vil eg framføre dette, i Musikkmeditasjon i Trefoldighetskirken. Ein ettermiddag for bøn og stillheit.

/
/

The first song is split into three parts. «The Call», «More is Required» and «Love» describe how she needed to find the activist in her, to sing the solo before the chorus joined, and the importance of cultivating love and friendship.

«I catch on fire» is the story about when she taught religion class, and her veil caught fire. Now, years later, when she prays, it still feels like she catches on fire. 

«The Deepest Desire» is when she feels the desire for justice, and she begins her work on death row. The heart cries out: Come Home!

«Primary Colors» begins with a flute solo which resembles the organic sound of a wooden flute, which bends the tones, like a peaceful sigh. This is where sister Helen is today, filled with peace. 

I will perform this for the second time in my life, at Music Meditation, in the Trefoldighets Church in Oslo. An afternoon for prayer and silence. 

trefoldighetskirken1

Haugtussa

S o n g s y k l u s e n  «Haugtussa» bergtok meg allereie då eg var ein pur ung songstudent. Og eg har sidan då kjend ei sterk tilknytning til dette verket. Mystikken, nærleiken til naturen, den inderlege kjærleiken, den overveldande sorga, musikken!

Me følgjer Veslemøy. Ho får tilnamnet Haugtussa, på grunn av sine overnaturlege evner til å sjå, sjå langt inni ein annan heim.

«Det Syng» set stemninga. Ein urovekkjande mystikk røper skumle krefter i spel og vert avløyst av lokkande melodiliner – Å hildrande du, med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. Det er den underjordiske Blåkallens frieri.

Uroa ulmar under overflata og den andre songen, «Veslemøy» er eit sårt portrett.

Kontrasten er skjellsetjande når me møter henne att som ei hovudstups forelska jente i «Blåbærli». Ho svinsar muntert omkring blant kyrne og fortel korleis ho skal jage vekk bjørn, ulv og rev om dei skulle dukke opp. Men, var det den snilde gut … han fekk vel ein på sin trut, – men helst på ein annan måte.

I «Møte» treff me ei drøymande og forventningsfull Veslemøy som eksploderer i all sin kjærleik i det guten hennar kjem til syne. Dei to unge elskande skjelv saman, munn mot munn, før dei sovnar i armane til einannan.

Kjærleikshyllesten held fram i neste song, «Elsk» før den fornøyelege «Killingdans».

I «Vond Dag» skjønar Veslemøy at ho har blitt sveke av sin kjære og det endar i gruvekkjande ord; ”no må ho døy; ho miste guten sin”.

Avslutningssongen er det vakraste eg veit om. I «Ved Gjætle-Bekken» søkjer Veslemøy mot den surlande, kurlande, sildrande, vildrande bekken, lydmåla gjennom eit meditativt, vandrande piano bada i pedalklang. Den hjarteskjerande siste lina til Veslemøy lyder– ”å lat meg få blunda!”.

Eg framfører Haugtussa, og fleire av Griegs komposisjonar, samt Handel sin håpefulle «I know that my redeemer liveth» i konsert

Palmesøndag i Ørsta Kyrkje kl.19.00

Velkomen <3