Romjulsyoga

Romjula er ei  n y d e l e g  tid. Ei tid for å reflektere over det ein har å vere takksam for, legge ifrå seg det som ikkje tener ein lenger, og opne opp for det nye som skal kome. Eg vert alltid trekt mot matta i høgtidene, det er ein god stad å få lande på, midt oppi alt.

Når vi reflekterer over året som har gått, so går tankane fort til dei som ikkje har so mykje å vere takksame for, dei som ikkje har moglegheit til å legge ifrå seg den grufulle skjebna som dei møter dag etter dag, dei som kanskje heilt har slutta å drøyme om at dei skal få ei framtid, dei som av rein frykt og usikkerheit aldri får til å lande.

Anbefalt donasjon er 200,- som går til Røde Kors og det viktige, viktige arbeidet dei gjer. (Gi gjerne meir). Send gjerne gode tankar til borna i Aleppo, men, faktisk, pengar er det som trengst.

  • 3. Juledag Romjulsyoga Kl.19.00
  • 5. Juledag Romjulsyoga Kl.19.00

romjulsyoga