Kimen

I morgon er det  v e r d s p r e m i e r e  for operaen Kimen.

I snart 3 veker har eg pusta og levd her mellom sunnmørsalpane, her eg vaks opp. Eg har veksla mellom å vere på operaprøver, gått i fjellet, nytt eit usedvanleg vakkert sommarvér og sett godguten fylle 3,5 år omgitt av sine kjære besteforeldre, som han er so glad i.

Min favorittkomponist, Magnar Åm, har skrive ein kompleks, vakker og dramatisk opera, bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Romanen vart skriven i 1940, etter krigsutbrotet, og representerer eit viktig vendepunkt i Tarjei Vesaas si dikting. Det metaforiske fekk større plass, språket vart meir nedstrippa og nake, det usagde vart meir framtredande, og eit mørkt djup kom meir til syne.

Romanen forutsåg det opprivande rettsoppgjeret og det folkelege, utanomrettslege oppgjeret som skulle utspele seg etter at krigen var slutt. Dette gjorde den ved å tematisere ein allmennmenneskeleg eigenskap: vår hang til hemn når me har opplevd urett, og vår fare for sjølve å gjere urett når hemntanken blir til hemnhandling, massesuggesjon og lynsjing.

56A236A8-F1F9-46FA-A6EF-C9DFF2E91B91
Handlinga tematiserer også forholdet mellom menneske og natur. At mennesket ER natur, og at naturen er både grusom og god. Men at der kan ligge noko forløysande i innsikta om dette og i nærleiken til vokstrane, samværet med dyra, arbeidet med jorda, og døgnrytmen av mørke og lys.

Eg gler meg vilt til å gjere rolla som Else <3

Dei Nynorske Festspela Propellhallen kulturarena, Volda.
fredag 8.6. kl 18.00
laurdag 9.6. kl 13:30 og 18.00

Billettar til fredagsframsyninga finn du her:
http://www.festspela.no/dnf/no/program_2018/fredag/Operaen+Kimen.d25-SMdrKW6.ips

Billettar til laurdagsframsyningane finn du her:
http://www.festspela.no/dnf/no/program_2018/laurdag/Operaen+Kimen.d25-SMdrGW-.ips

Påskekjolen

Mitt  h j a r t e  brenn for familien min, yoga, musikk og… gjenbruk! I fjor kjøpte eg eit gardinstoff på ein gjenbruksbutikk i Ørsta. Stoffet har lagt i skapet her heime før eg drøymde meg opp ein idé om at det ville bli ein perfekt konsertkjole for Påske- og Vårkonserten eg skulle ha i Ørsta Kyrkje denne påska.

Eg fekk mi kjære Mor til å hjelpe meg med å sy den, og siste sting vart sydd timar før konserten.  M ø d r e <3

Eg bar den under konserten og sola skein inn og laga eit fint spel i dei store blomane i stoffet.

Dagen etter gjekk eg i fjellet og då tikka det inn ei melding ifrå ei kvinne som kom med lovord om konserten, og i tillegg kunne meddele at det var so stas å sjå meg i kjolen som var laga av gardinene som hang i mora hennar sitt hus. Huset hadde vore ein glad, gjestfri og frodig heim og ho var sikker på at kjolen kom til å bringe meg lukke <3 Ho hadde levert gardinene til gjenbruksbutikken i Ørsta i fjor, og vips, no er den blitt til konsertkjole for meg.

No er kjolen komen heim til Askehaugen att og kosar seg i kveldssola.

Takk til de som kom på konserten i Ørsta, til min eminente pianist Natallia og til Mamma, alltid takk til Mamma <3

påskekjolenpåskekjolen_påskekjolen_nært

Vårkonsert

I år startar eg det eg håper kan bli ein ny høgtidstradisjon. Vårkonsert. Eit repertoar beståande av ei blanding av den nydelege kyrkjemusikken som er bygd på påskebodskapet og den eventyrlege, skandinaviske musikken som er skrive inspirert av våren. Eg gler meg stort til å dele kyrkjeromet med min pianist Natallia Papova.

1.påskedag i Ørsta Kyrkje Kl.19.00 <3

påskekrystallerpåskepynttangentroser

Klassisk Juleglede

Med  v e l k o m a n d e  «Jul, Jul, Strålande Jul», «inderlege «Maria Wiegenlied», vakre «In the Bleak Midwinter», elegante Haydn pianosonater, dramatiske Donizetti, funky «Rejoice Greatly», majestetiske «Vom Himmel Hoch», julestemningssikrarane «in Dulci Jubilo» og «Deilig er Jorden» på kyrkjeorgel, nydelege «Panis Angelicus», feiande flotte «Exultate Jubilate», den sjølvskrivne «O helga Natt» og klassiske «Glade Jol», song og spelte vi jula inn i Ørsta Kyrkje i går kveld.

Takksam for ei fullsatt Ørsta Kyrkje og ein varm mottakelse <3

Fryd &  F r e d

karenogmarie2016

Dei nære tinga

Når ein publikummar på heile 100 år utbryter at «dette var det finaste eg har høyrd» etter ein opptreden, då treff det.

Når ein heil sal med eldre mennesker syng med på den eviggrøne «De nære ting», då smeltar noko i meg.

Takksam for i dag <3

Ditt sinn monne flyve så vide omkring.
Det er som du glemmer de nære ting.
Det er som du aldri en time har fred,
du lengter bestandig et annet sted.

Du syns dine dager er usle og grå.
Hva er det du søker? Hva venter du på?
Når aldri du unner deg rast eller ro,
kan ingenting vokse, og intet gro.

Gå inn i din stue. Hvor liten den er,
så rummer den noe ditt hjerte har kjær.
På ropet i skogen skal ingen få svar.
Finn veien tilbake til det du har.

Den lykken du søker bak blånende fjell
– kan hende du alltid har eiet den selv.
Du skal ikke jage i hvileløs ring,
men lære deg elske de nære ting.