Våroppvakning / Spring Awakening

Å r s t i d e n e  i Noreg er imponerande. Endringane som skjer i løpet av eit år er store, vakre, symbolske. Eg ynskjer å gjere ære på årstidene, bevisstgjere desse syklusane vi lever i, å bringe oss nærmare naturen. Korleis kan vi både leve i takt med omgjevnadane og samtidig finne vår balanse?

Eg ynskjer våren varmt velkomen, denne lysare tida, eg ynskjer den velkomen med opne armar! Eg takkar audmjukt vinteren, med si kraft, ristar av all snøv og kulde i denne energifylte yoga workshopen i vårens teikn! Og eg ynskjer deg velkomen til å bli med <3

  • Pranayama (pusteøvingar)
  • Meditasjon og chanting
  • Spesialdesigna vinyasa yoga flow
  • Avspenning
  • Refleksjon og drikke + snacks

Sjå Yogaundervisning for aktuelle Spring Awakening Workshopar.

Yin & Yang

I år  u t v i k l a r  eg yoga workshop konsept som eg håper kan vere til glede for andre, og meg sjølv, i maaaange år framover. Dette er eit konsept som er tenkt som eit slags 2- dagars mini retreat. Den eine dagen fordjupar vi oss hovudsakleg i ein yang praksis, med dynamisk yoga, styrke og kraft, den andre dagen er i større grad via til yin, med kvile, innsikt og stillheit. Me lyfter fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre <3

Sjå Yogaundervisning for aktuelle Yin & Yang Workshopar

Kapha

Velkomen til den fyrste workshopen i serien «embrace & balance».

Me lærer om yoga i samband med ayurveda, og ser spesifikt på korleis me kan balansere kapha dosha.

Idéen er å lære om og anerkjenne den me er og åpne opp for den visdommen som ligger i oss.

  • ei innføring i Ayurveda og kapha dosha
  • ein flow for å balansere kapha dosha
  • ein mjuk yogapraksis + yoga nidra for å omfavne kapha dosha

Sjå Yogaundervisning for aktuelle workshopar.

Omfavn & Balansér / Embrace & Balance

Eg har s k a p t noko eg gler meg til å begi meg ut på.

I år vil eg utvikle og undervise eit vell av workshopar.

Idéen er å lære om og anerkjenne den vi er, audmjukt dykke inn i kropp og sinn og opne opp for den visdomen som ligg i oss. Bruke asana, meditasjon, pranayama, filosofi, ayurveda og refleksjon som balanseverktøy.

Lat oss skape magi <3