Flytande Lauv / Floating Leaves

Kvar søndag  f ø r e m i d d a g  underviser eg to yogaklasser. Fyrst Yang, so Yin.

Me fór ned i djupet i dag, i Yoga Nidra svevde me i laget mellom vaken tilstand og sovande, me flaut i det stadig vaksande romet mellom tankane, me kjende på kor sårbarheit og styrke heng so ubryteleg saman.

Me søkte meining og relevanse. Me kjende på kor posisjonane me gjer ofte er dei same, men me er ikkje dei same, me er høgst levande og alltid i endring, alltid ein stad i ein syklus. Me er flytande. Me er i endring, som lauva på treda so insisterande viser oss for tida.

Eg er so evig takksam for denne livsutforskaren eg har ved mi side i det meste eg gjer, og so ynskjer eg mi godaste Tante Hanna alt vél, takk for din gnist, heilt til di 95. runde rundt sola <3

Eg bøyer meg for dette livet.

/
/

Every  S u n d a y  morning I teach two yoga classes. Yang first, then Yin. 

We went deep today. In Yoga Nidra we floated in the layer between being awake and asleep, we floated in the ever growing space between the thoughts, we touched upon how vulnerability and strength are so unbreakably tied together.

We searched for meaning and relevance. We recognized how the positions we do often are the same, but we are not the same, we are highly alive and always changing, always somewhere in a cycle. We are floating. We are changing, like the leaves on the trees so insistently show us these days.

I am so eternally grateful for this life explorer I have by my side in most of what I do, and then, I wish my dearest Aunt Hanna peace, thank you for your spark, all the way until your 95th turn around the sun <3 

I bow to this life. 

flytandelauvdjupetsorg

Forbli mjuk. Forbli menneskeleg. / Stay soft. Stay human.

Lat oss velge å forbli m j u k e, forbli menneskelege.

Når verda verkar som den mistar litt fotfeste, når hatet og fortvilelsen fyller våre sosiale media, når frykt vinn over kjærleik.

Ver tilstades der du har størst påverkingskraft, i ditt eige liv. Mjukne. Bli bevisst. Ver våken. Ver autentisk. Jobb med ditt eige kaos fyrst. Lys opp vegen for andre med ditt lys. Gå til kunsten. Gå til yogapraksisen. Observer før du reagerer og velg kjærleik framfor hat.

/
/

Let us choose to stay  s o f t,  stay human.  

When the world seems to have lost it’s grip, when hate and despair fill up our social media feeds, when fear conquers love.

Be present where you have the strongest influence, in your own life. Soften. Get conscious. Be awake. Be authentic. Work on your own chaos first. Light up the road for others with your light. Go to the arts. Go to your yoga practice. Observe before you react and choose love over hate.

karen_meditasjonchaturangavariasjonvirabhadrasana2parsvakonasana

Å knyte band med bornet i magen / Bonding with the child in the womb

Sidan eg fyrst utdanna meg til yogalærar i 2010, har eg tenkt at eg skulle bygge på kompetansen min med å utdanne meg til g r a v i d y o g a l æ r a r. Å få ta denne utdanninga, samstundes med å oppleve å vere gravid for fyrste gong sjølv, inspirerte meg til å knytte eit sterkare band med bornet i magen, og ga meg verktøy til korleis eg kan inspirere andre til å styrke dette bandet, både under graviditeten og til samarbeidet mellom mor og born, som skjer under fødselen.

Eg hugsar at eg, svært tidleg i graviditeten, tok ei gravidyogaklasse via internett. Det var noko læraren sa der, som verkeleg ressonerte i meg: I graviditeten så lever babyen gjennom deg, høyrer dine lydar, får næring av det du et, kjenner røyrslene du gjer og opplever  – “Akkurat no, er DU heile universet for denne skapningen i magen din”.

Frå fyrste stund, då bornet vert til, eksisterer det eit samarbeid mellom mor og born. Det som skal bli til eit individ med si eiga personlegheit, drøymer og evner, veks og utvikler seg, faktisk inne i kroppen til mora. Det er slik alle menneske har blitt til, det er slik alle pattedyr vert til. Det er noko universelt og biologisk over det heile, det er eit samarbeid som skjer overalt, med mange, mange menneske. Men likevel er det heilt utruleg, heilt ufatteleg i grunn, og eit svangerskap er ei stor endring for kvinna, både fysisk og psykisk.

Med yoga har vi ei moglegheit til å gi omsorg og pleie til oss sjølve, slik at vi har det bra og kan vere tilstades i det som skjer. Babyen i magen opplever verda gjennom mora, kva mora tek til seg av næring er viktig, korleis ho beveger seg vil påverke kor babyen beveger seg, babyen responderer på lydar mora lagar og er i aller høgste grad knytta fysisk til mora. Sjølve fødselen er eit samarbeid mellom mor og born. Den nedadgåande krafta, livmora som trekker seg saman, den store innsatsen både mor og born gjer, og so etterpå, amminga – der mor og born fører samarbeidet vidare.

Grunnar til kvifor kvinner kan ha utbyte av å trene yoga under graviditeten er mange – du held kroppen sterk og fleksibel,  du kan lære deg teknikkar for å spenne av kroppen og jobbe med pusten, du kan få anledning til å ta vare på deg sjølv i ein travel kvardag, alt dette kan vere med på å forberede kvinna på den foreståande fødselen. Men ei heilt unik moglegheit som ein kun har når man praktiserer gravidyoga er jo å knyte seg til bornet, når man praktiserer yoga elles har man ikkje denne konkrete moglegheita. For meg som gravidyogalærar er det ein fantastisk tanke å kunne vere med på at mora knyttar eit sterkare og meir bevisst band til bornet i magen. Eg har av og til fått kvinner som er gravide på mine vanlege dynamiske yogaklasser, og dei spør då ofte om kva dei ikkje kan gjere, kva stillingar må unngåast. Eg fortel med glede det eg har lært om det, men passar godt på at dei og innser at det å vere gravid er ei fantastisk tilstand å vere i når man praktiserer yoga, og samtidig at det er fantastisk å praktisere yoga når man er gravid. Øvingar der man gir rom til magen, der man hyllar denne skapningen som veks inni deg, roar ned nervesystemet slik at man kan vere i den hellige einheita som dannar seg sterkare dag for dag, minutt for minutt. Gravidyoga byr på spanande prosessar og bevisstgjeringar, og er meir enn “vanleg yoga der du må modifisere eller forenkle dei stillingane du gjer elles”.

Etter kvar øvelse er det ei god anledning til å både gi meir energi til seg sjølv og bornet, ved å ta ein ekstra pust – ein djupt pust som mora dedikerer til babyen i magen. Det er mange øvingar som gjer godt når man er gravid, og mange som lindrer plager og forbereder til fødsel, men so enkle ting som å legge handa til magen, stryke på den, støtte magen i forskjellige stillingar, for eksempel i fredfull krigar, la handa halde rundt magen medan den andre handa strekker seg oppover, slike øvingar kan man og ta med seg inn i kvardagen, man kan synge til bornet, spørre det om ting, halde ein indre dialog. Eg kjenner at yoga, med sitt naturlege indre fokus og ærligheit inspirerer til slike gyldne augeblikk, både av og på matta.

Då eg var gravid brukte eg mykje tid kvar dag på å stryke på magen, visualisere bornet både korleis han var i det augeblikket og korleis han kanskje var når han kom ut og helsa på oss, eg prøvde å knyte meg til bornet og følte det som mest naturleg. Det er imidlertid enkelte som kanskje ikkje vil kjenne på dette forholdet, dei synest det er best å ikkje vite, meiner at dei kan vente med å knyte band, kanskje har dei ei ubehageleg oppleving frå tidlegare svangerskap og vil ikkje binde seg før dei veit at det har gått bra, enkelte kjenner seg kvalme og elendige, dei veit at bornet vert fødd inn i ulykkelege omstendigheiter, det er mange ulike skjebner. Det er viktig å la det vere rom for slike kjensler og forhold også. Då er det viktig at eg som yogalærar er open, forståelsesfull. Vidare utover dette temaet (å knyte seg til bornet i magen) kan man jobbe med aksept, visualisering, avspenning, man kan sette av tid til å prate om ting i gruppa, gi rom for at kvinna får vere seg sjølv midt oppi alt. Kanskje kan dette arbeidet føre til at nokon som i utgangspunktet ikkje klarte, eller heller ikkje ville føle ei tilknytning til bornet, kunne få oppleve ei sterk tilknytning og glede seg over både svangerskap, fødsel og barseltid. Det er nemleg ikkje uvanleg med ulike grader av depresjon hos gravide og mødre.

Eg kjenner eg ei djup takksemd for alt eg lærer – om kroppen, om livet – det rå livet, om mitt eige potensiale, om vår tilknytning til kvarandre som menneske, kor alt heng saman.

Den 1.september startar eg opp eit gravidyogakurs på Leela Yoga. (leelayoga.no)

1-2