Sjå det Vakre / See the Beauty

Sjå det vakre og skap enda meir skjønnheit. Forsterk det som allereie er noko godt, noko velfungerande. Lat det gode vakse og kjenn styrken i det. Det gode er i deg, men di anerkjenning og bevisstheit er posisjonen å vere i, slik at det gode veit kvar det skal gjere av seg.

/
/

See the beauty and create even more beauty. Enhance what is already something good, something well functioning. Let the good grow and feel it’s strength. The good is in you, but your recognition and awareness is the position to be in, so that the good knows where to go.

falnebladgreinroser2

Yin & Yang

I år  u t v i k l a r  eg yoga workshop konsept som eg håper kan vere til glede for andre, og meg sjølv, i maaaange år framover. Dette er eit konsept som er tenkt som eit slags 2- dagars mini retreat. Den eine dagen fordjupar vi oss hovudsakleg i ein yang praksis, med dynamisk yoga, styrke og kraft, den andre dagen er i større grad via til yin, med kvile, innsikt og stillheit. Me lyfter fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre <3

Sjå Yogaundervisning for aktuelle Yin & Yang Workshopar

Omfavn & Balansér / Embrace & Balance

Eg har s k a p t noko eg gler meg til å begi meg ut på.

I år vil eg utvikle og undervise eit vell av workshopar.

Idéen er å lære om og anerkjenne den vi er, audmjukt dykke inn i kropp og sinn og opne opp for den visdomen som ligg i oss. Bruke asana, meditasjon, pranayama, filosofi, ayurveda og refleksjon som balanseverktøy.

Lat oss skape magi <3

Forbli mjuk. Forbli menneskeleg. / Stay soft. Stay human.

Lat oss velge å forbli m j u k e, forbli menneskelege.

Når verda verkar som den mistar litt fotfeste, når hatet og fortvilelsen fyller våre sosiale media, når frykt vinn over kjærleik.

Ver tilstades der du har størst påverkingskraft, i ditt eige liv. Mjukne. Bli bevisst. Ver våken. Ver autentisk. Jobb med ditt eige kaos fyrst. Lys opp vegen for andre med ditt lys. Gå til kunsten. Gå til yogapraksisen. Observer før du reagerer og velg kjærleik framfor hat.

/
/

Let us choose to stay  s o f t,  stay human.  

When the world seems to have lost it’s grip, when hate and despair fill up our social media feeds, when fear conquers love.

Be present where you have the strongest influence, in your own life. Soften. Get conscious. Be awake. Be authentic. Work on your own chaos first. Light up the road for others with your light. Go to the arts. Go to your yoga practice. Observe before you react and choose love over hate.

karen_meditasjonchaturangavariasjonvirabhadrasana2parsvakonasana