Min Veslestore Guru / My Little Grand Guru

Min son er ein meister på  t i l s t a d e v æ r e l s e . Han kan leike med dyrefigurar og ei songregle i timesvis. Han lés meg og seier ofte akkurat det eg tenkjer. Han beveger seg med nyfikenheit og leikenheit.

Han har, sidan eg fekk vite at han var i magen min, vore ei einaste stor inspirasjonskjelde og skrudd opp mi evne til å leve i nuet og vere i kontakt med min intuisjon mange hakk.

Han er min veslestore guru.

Namasté, eg ser lys i meg, Namasté, eg ser lys i deg.

Familie- og borneyoga kvar fyrste laurdag i mnd på Flyt.

<3 <3 <3

/
/

My son is a master of  p r e s e n c e.  He can play with animal figures and a nursery rhyme for hours. He reads me and often says excactly what I’m thinking. He moves with curiosity and playfulness. 

He has, ever since I found out that he was in my belly, been an enormous source of inspiration and raised my ability to live in the now and to be in contact with my intuition several notches.

He is my little grand guru. 

Namasté, I see light in me, Namasté, I see light in you. 

IMG_3479IMG_3489IMG_3499

Processed with VSCO with b5 preset

Processed with VSCO with b5 preset

IMG_3538

Våroppvakning / Spring Awakening

Å r s t i d e n e  i Noreg er imponerande. Endringane som skjer i løpet av eit år er store, vakre, symbolske. Eg ynskjer å gjere ære på årstidene, bevisstgjere desse syklusane vi lever i, å bringe oss nærmare naturen. Korleis kan vi både leve i takt med omgjevnadane og samtidig finne vår balanse?

Eg ynskjer våren varmt velkomen, denne lysare tida, eg ynskjer den velkomen med opne armar! Eg takkar audmjukt vinteren, med si kraft, ristar av all snøv og kulde i denne energifylte yoga workshopen i vårens teikn! Og eg ynskjer deg velkomen til å bli med <3

  • Pranayama (pusteøvingar)
  • Meditasjon og chanting
  • Spesialdesigna vinyasa yoga flow
  • Avspenning
  • Refleksjon og drikke + snacks

Sjå Yogaundervisning for aktuelle Spring Awakening Workshopar.

Yin & Yang

I år  u t v i k l a r  eg yoga workshop konsept som eg håper kan vere til glede for andre, og meg sjølv, i maaaange år framover. Dette er eit konsept som er tenkt som eit slags 2- dagars mini retreat. Den eine dagen fordjupar vi oss hovudsakleg i ein yang praksis, med dynamisk yoga, styrke og kraft, den andre dagen er i større grad via til yin, med kvile, innsikt og stillheit. Me lyfter fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre <3

Sjå Yogaundervisning for aktuelle Yin & Yang Workshopar

Kapha

Velkomen til den fyrste workshopen i serien «embrace & balance».

Me lærer om yoga i samband med ayurveda, og ser spesifikt på korleis me kan balansere kapha dosha.

Idéen er å lære om og anerkjenne den me er og åpne opp for den visdommen som ligger i oss.

  • ei innføring i Ayurveda og kapha dosha
  • ein flow for å balansere kapha dosha
  • ein mjuk yogapraksis + yoga nidra for å omfavne kapha dosha

Sjå Yogaundervisning for aktuelle workshopar.

Yoga for Deg / Yoga for You

Eg kjenner meg k l a r til å favne vidare, til å rome meir, til å dele meir av min kunnskap og erfaring.

Eg tilbyr no privattimar – yoga for deg.

Om du ynskjer guiding i din asana-praksis, om du vil gi deg sjølv ei moglegheit til skreddarsydd, djup avspenning, om du ynskjer å samtale deg djupare inn i yogaens filosofi, om du vil frigjere pusten, om du ynskjer å førebue deg til fødsel, om du vil lære å stå på hovudet, om du vil ha yoga heime hos deg, om du vil lære meditasjonsteknikkar…

Yoga for deg kan fyllast med det du ynskjer og treng. Eg vil gjere mitt beste for å møte deg i det.

Ta kontakt ved interesse <3

Omfavn & Balansér / Embrace & Balance

Eg har s k a p t noko eg gler meg til å begi meg ut på.

I år vil eg utvikle og undervise eit vell av workshopar.

Idéen er å lære om og anerkjenne den vi er, audmjukt dykke inn i kropp og sinn og opne opp for den visdomen som ligg i oss. Bruke asana, meditasjon, pranayama, filosofi, ayurveda og refleksjon som balanseverktøy.

Lat oss skape magi <3

Romjulsyoga

Romjula er ei  n y d e l e g  tid. Ei tid for å reflektere over det ein har å vere takksam for, legge ifrå seg det som ikkje tener ein lenger, og opne opp for det nye som skal kome. Eg vert alltid trekt mot matta i høgtidene, det er ein god stad å få lande på, midt oppi alt.

Når vi reflekterer over året som har gått, so går tankane fort til dei som ikkje har so mykje å vere takksame for, dei som ikkje har moglegheit til å legge ifrå seg den grufulle skjebna som dei møter dag etter dag, dei som kanskje heilt har slutta å drøyme om at dei skal få ei framtid, dei som av rein frykt og usikkerheit aldri får til å lande.

Anbefalt donasjon er 200,- som går til Røde Kors og det viktige, viktige arbeidet dei gjer. (Gi gjerne meir). Send gjerne gode tankar til borna i Aleppo, men, faktisk, pengar er det som trengst.

  • 3. Juledag Romjulsyoga Kl.19.00
  • 5. Juledag Romjulsyoga Kl.19.00

romjulsyoga