Workshopar

Mine workshopar er skapt utifrå ei takksemd for alt yogaen har gitt meg og eit ynskje om å kunne gå meir i dybden. Ta kontakt om du ynskjer eg skal kome til eit studio nær deg <3

Komande workshopar
• November Morning Series: Haustmorgon, 07.00-09.30 Flyt Studio, Nesodden
Påmelding på e-post til Karen her. 300,-

• 19/12 Magisk Adventsyoga, Tindelandet
Påmelding på e-post til Karen her. 300,- (Halvparten går i donasjon til Redd Barna).

• 5/1/2019 Morning Series: Nyttårsmorgon, 07.00-09.30 Flyt Studio
Påmelding på e-post til Karen her. 300,-

krusedull_heimeside

Embrace & Balance – Yoga Workshop Series
Idéen er å lære om og anerkjenne den vi er, audmjukt dykke inn i kropp og sinn og opne opp for den visdomen som ligg i oss. Bruke asana, meditasjon, pranayama, filosofi, ayurveda og refleksjon som balanseverktøy.

E m b r a c e  &  B a l a n c e  : Kapha 
Me lærer om yoga i samband med ayurveda, og ser spesifikt på korleis me kan balansere kapha dosha. Idéen er å lære om og anerkjenne den me er og åpne opp for den visdommen som ligger i oss.
  • ei innføring i Ayurveda og kapha dosha
  • ein flow for å balansere kapha dosha
  • ein mjuk yogapraksis + yoga nidra for å omfavne kapha dosha

E m b r a c e  &  B a l a n c e  : Pitta

E m b r a c e  &  B a l a n c e  : Vata

E m b r a c e  &  B a l a n c e  : Chakra Flow

krusedull_heimeside

Yin & Yang
Dette er eit konsept som er tenkt som eit slags 2- dagars mini retreat. Den eine dagen fordjupar vi oss hovudsakleg i ein yang praksis, med dynamisk yoga, styrke og kraft, den andre dagen er i større grad via til yin, med kvile, innsikt og stillheit. Me lyfter fram og utforskar kor yin og yang (ofte framstilt som to rake motsetnader) faktisk kompletterer kvarandre <3

krusedull_heimeside

Morning Series
Morgonworkshopar i overgangen mellom årstider og syklusar. Årstidene i Noreg er imponerande. Endringane som skjer i løpet av eit år er store, vakre, symbolske. Eg ynskjer å gjere ære på årstidene, bevisstgjere desse syklusane vi lever i, å bringe oss nærmare naturen. Korleis kan vi både leve i takt med omgjevnadane og samtidig finne vår balanse?

M o r n i n g  S e r i e s: Spring Awakening
Me ynskjer våren varmt velkomen, denne lysare tida. Me takkar audmjukt vinteren, med si kraft, ristar av all snøv og kulde i denne energifylte yoga workshopen i vårens teikn!

  • Pranayama (pusteøvingar)
  • Meditasjon og chanting
  • Spesialdesigna vinyasa yoga flow
  • Avspenning
  • Refleksjon og drikke + snacks

M o r n i n g  S e r i e s: Haustmorgon

M o r n i n g  S e r i e s: Nyttårsmorgon

krusedull_heimeside

Yoga med levande musikk
Mjuk yoga akkompagnert av levande musikk.

krusedull_heimeside