Yoga

«From this practice all the obstacles d i s a p p e a r  and simultaneously dawns knowledge of the inner Self.»

namaste

Karen har si yogalærarutdanning frå Nordiska Yogainstitutet i Stockholm, internasjonalt godkjend av Yoga Alliance. Ho har grunnutdanning på 200 timar i Viryayoga nivå 1-2 og påbyggingskurs nivå 3 under viryayoga grunnleggar Josephine Selander. Karen har og teke vidareutdanning i yogaterapi med amerikanske Sundari Lucey. August 2014 vart ho sertifisert Gravidyogalærar ved Oslo Yoga med Jannicke Wiel og Birgitta Hedman. 

Karen underviser yoga med hjarte og audmjukheit, ho ynskjer å guide deltakarane til å finne t i l s t a d e v æ r e l s e  og indre styrke både på yogamatta og av.

Karen tilbyr yogaundervisning i form av privattimar, workshopar, kurs og faste klasser.

krusedull_heimeside

Yogakalender

Privattimar – Yoga for deg
Ledig kapasitet for privattimar 2018

Workshopar
• 10/2 Embrace & Balance: Kapha, Leela Yoga
• Flyt Studio, Nesodden

• Mars, Tindelandet, Ørsta
• 19/12 Magisk Adventsyoga, Tindelandet, Ørsta

Kurs
• 23. Januar Barsel Yoga, Leela Yoga Les meir

Faste Klasser

• Virya Yoga kvar tysdag kl. 11.30 på Leela Yoga
• Slow Flow kvar torsdag kl. 11.30 på Leela Yoga

• Vinyasa Flow annakvar laurdag kl. 11.00 på Flyt Studio, Nesodden

• Virya Yoga Kvar søndag kl. 10.00 på Leela Yoga
• Yin Yoga Kvar søndag kl. 11.45 på Leela Yoga

Tidlegare hendingar finn du her.

krusedull_heimeside

Privattimar – Yoga for deg

img_6907

Om du ynskjer guiding i din asana-praksis, om du vil gi deg sjølv ei moglegheit til skreddarsydd, djup avspenning, om du ynskjer å samtale deg djupare inn i yogaens filosofi, om du vil frigjere pusten, om du ynskjer å førebue deg til fødsel, om du vil lære å stå på hovudet, om du vil ha yoga heime hos deg, om du vil lære meditasjonsteknikkar…

Yoga for deg kan fyllast med det du ynskjer og treng.
Ta kontakt ved interesse <3

Prisar: 60 min: 850 kr,  90 min: 1000 kr

krusedull_heimeside

Workshopar

img_6898-1

Ta kontakt om du ynskjer eg skal kome til eit studio nær deg! Eg tek også imot ynskjer om tema for workshop.

Embrace & Balance – Yoga Workshop Series
Idéen er å lære om og anerkjenne den vi er, audmjukt dykke inn i kropp og sinn og opne opp for den visdomen som ligg i oss. Bruke asana, meditasjon, pranayama, filosofi, ayurveda og refleksjon som balanseverktøy.

Yoga med levande musikk
Mjuk yoga akkompagnert av levande musikk.

krusedull_heimeside

Kurs

Gravidyoga
I yogaklassene vert det lagt vekt på å tilpasse den fysiske treninga etter endringane som skjer i den gravide kroppen, gjennom forskjellige yogaposisjonar og pusteteknikkar. Vi jobbar også mykje med avspenning, mentalt fokus og det å vere tilstades med bornet i magen. Gravideyoga gir trening under svangerskapet, verktøy for eit betre svangerskap og god forberedelse til fødsel.

Barselyoga
I dette kurset vert det lagt vekt på kontakten mellom mor og barn, oppmjuking av stiv muskulatur i rygg, skuldrar og nakke, samt utvalgte styrkande øvingar i ein mjuk flow. Kurset passar best for dei som har baby mellom 2-5 månader, før babyen begynner å krabbe. I enkelte øvingar er babyen med og vi setter av litt tid til kos og massasje.

31E2DC92-6A27-4F92-9807-9013661D2C9E.png

krusedull_heimeside

Faste Klasser

img_8982

Virya Yoga
Med Virya Yoga kan man styrke kroppen, forebygge skader og bringe bevisstheit inn i det ein gjer på matta så vel som av matta. Virya er sanskrit og betyr kraft, entusiasme og glede, og tanken bak ViryaYoga er at ein finn fram til storheita i seg sjølv. I timane til Karen opplever du ein morosam, effektiv og samtidig sikker yogaform der du får rom til å finne tilbake til kroppen din gjennom bevegelse og pust, og tid til å vere tilstades i augeblikket. Ei dynamisk yogaform med mykje hjarte!

Yin Yoga
Yin Yoga er kunsten å kunne gi slepp, og fokuset er å bli meir bevisst og tilstades og forbetre kroppens intelligens. Passive stillingar vert haldne lenge for å frigjere fascia eller bindevev slik at energien i kroppen kan flyte friare. Yin Yoga er i hovudsak retta mot bindevev i hofter, bekken og nedre ryggrad. Dette er ein roleg og mjuk praksis, men den kan allikevel vere overraskande utfordrande på grunn av den lange tida du tilbringer i kvar av stillingane.

Slow Flow
Ein mjuk og sakte flyt der vi jobbar oss gjennom heile kroppen. Vi startar frå grunnen og inn i ståande posisjonar før vi begynner å jobbe oss nedover for å finne stødigheit og ro i sitande posisjonar. Ei tid for å roe nervesystemet og bevege oss ut av hovudet og inn i kroppen. 

Vinyasa Flow
Ei leiken og dynamisk klasse. Her flyter vi gjennom asanaene, og gir oss sjølv moglegheita til å lande i eigen kropp. Fokus på relasjonen mellom pust og bevegelse, balansering av energi og jobbe oss varme frå innsida. 

 

krusedull_heimeside